Den skumlaste turisthytta?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DNT-hytta Krækkja på Hardangervidda er ei av seks hytter som er nominert til tittelen Norges skumlaste hytte. Krækkja er kjend for å ha styrarar som jobbar lenge. Men er dei framleis er på jobb hundre år etterpå? Ifølgje dagens styrar Kjell Slåtten, går faktisk den fyrste styraren att i andre etasje.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Alle kan stemme
Folk blir no oppfordra til å stemme på kven av dei seks nominerte DNT-hyttene dei synest er den skumlaste. Om det er slamring med dører, trinn i trappa eller gåsehud i nakken på utedoen, her er det berre å leggje inn stemma si.
Kjell Slåtten seier han har delt hus med spøkjelse i snart 50 år. Han er sikker på at det er den første styraren som går att.

– Det er mest sannsynleg, flirer Slåtten. – Om 15–20 år er me vel to som går att her. Han er i gamle delen. Så kan jo eg ta den nye delen, ler han.

Slåtten er elles spent på korleis spøkjelset vil reagere på at dei no under ombygginga i sommar har bygd ein ekstra etasje.

– Kanskje han må flytte ned no, lurar han på.

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

Gamlestyraren
Ole Aker var styrar på Krækkja frå opninga i 1878 og fram til 1924. Han døydde i 1939, men skal visstnok gå att på Krækkja turisthytte. Dører blir opna og lukka og ein kan visstnok høyre tråkk rundt om i den eldste bygnaden. Men det skal seiast, spøkjelset heldt seg stort sett til andre etasje i det over 100 år gamle bygget. Ole Aker budde i dette bygget nær heile livet. Når det er fullt av folk, høyrer Slåtten lite. Lydane kjem mest når han er aleine på staden. Men han påpeiker at det er fleire som har høyrd gjenferdet.

Ole Aker skal ha vore ein sterk jeger, kjend for å kunne liggje ute midtvinters utan sovepose og anna moderne utstyr. Han var og kjend for å vere litt uvillig til å guide turistar. Helst ville han berre jakte og fiske.

LES OGSÅ: – Må endre definisjonen av normalt vêr

Dei nominerte
Dei nominerte til å bli «Norges fremste spøkjelseshytte» er Blekestadmoen i Suldal, Flisberget på Finnskogen, Kobberhaughytta i Oslomarka, Kvinen ved Kvifjorden i Sirdal, Krækkja på Hardangervidda og Struten fyr på Hvaler i Østfold. Over 1100 hytter her med i dei vekentlege kåringane til UT.no i sommar. Private hytter, Statsskog, og friluftsråd i tillegg til 500 DNT-hytter er med. Neste veke startar kåring av den mest originale hytta. Så kjem kåring gav den råaste toppturhytta og til slutt kårar dei den finaste mathytta. I juryen sit Per Roger Lauritzen, redaktør NAFs veibok, Sandra Lappegard, redaktør magasinet UTE, Abid Raja, stortingsrepresentant (V) og Kjetil Østlie, journalist i nettmagasinet Harvest.

Torsdag låg Krækkja på ein førebels 2. plass med 24.07 prosent av stemmene.

Stem på Norges spøkjelseshytte fram til fredag morgon!

LES HEILE SAKA I HALLINGDØLEN!

LES OGSÅ: Han kjøpte seg fri