Fann skålspenne frå vikingtida på Seim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Nordhordland

Funnet som er gjort på Seim er så unikt at Universitetsmuseet vil starta utgravingar så fort som råd, truleg vil det første arbeidet starta opp alt fredag med førebuingar til sjølve gravinga. Den kan vera i gang frå mandag av, litt avhengig av veret.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Gjenstanden som vart funne er ein oval skålspenne i bronse som vart brukt til å festa skulderbanda til forstykket på kjolar. Ut frå bilder har arkeolog Søren Diinhoff ved Universitatsmuseet datert funnet til å vera frå kring år 900, altså midt i vikingtida. Saman med skålspenna vart det funne bitar av tekstil, noko som er uhyre sjeldan å finna bevart etter så lang tid i jorda.

– Det er eit veldig godt funn for å seia det mildt, seier Diinhoff om tekstilrestane

– Eg veit om ein i Oslo som jobbar med dette som vil bli veldig begeistra, seier han.

LES OGSÅ: – Ivar Aasen blei kjend for planane sine

...

Funnet vart gjort måndag kveld av Stein Erik Endresen, som kjøpte seg metalldetektor i sommar. Foto: Morten Sæle, Nordhordland

Gjort alt rett
Arkeologane rosar finnarane for å ha gjort alt rett når dei kom over desse gjenstandane.

– Dei har stoppa gravinga og varsla oss, det er det ikkje alle som gjer, fortel Diinhoff.

Gjenstandene vart pakka i jord etter funnet, for å bevara dei best mogleg. No skal dei rensast og konserverast så raskt som mogleg.

Funnet vart gjort mandag kveld av Stein Erik Endresen, som kjøpte seg metalldetektor i sommar. Han har blitt inspirert av serien «Skattejegerne» som går på TV, og ville prøva sjølv.

– Dette er tredje gongen eg gjer søk med detektor, fortel Endresen.

LES OGSÅ:Jentedominans i høgare utdanning