Utøya-overlevande positive til norsk presse

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.04.2017 15:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pressa var varsame

Det er i ein ny studie frå Nasjonalt Kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) at det kjem fram at dei aller fleste overlevande frå terroren på Utøya opplevde møtet med norske medium som positivt.

Det skriv forskarane Siri Thoresen, Grete Dyb og Tine Jensen frå NKVTS og Trond Idås frå Norsk Journalistlag i ein kronikk i Aftenposten.

LES OGSÅ: Strevar mest etter Utøya

Mykje mediekontakt
Studien viser at så mykje 94 prosent av dei overlevande vart kontakta av media. Dette gjaldt også den yngste aldersgruppa mellom 13 og 16 år. Av dei som vart kontakta, lét ni av ti seg intervjue minst ein gong om terroren, medan seks av ti vart intervjua om rettssaka. Ein av fire skreiv også eigne innlegg i aviser.

Ifølgje studien vurderte fleirtalet av dei overlevande frå Utøya møtet med media som ei positiv erfaring. Dette gjaldt både måten dei vart kontakta på og intervjusituasjonen. Det å delta i intervju var heller ikkje knytt til psykiske helseproblem.

LES OGSÅ: Etterlatne etter Utøya slit framleis

Nokre angra
Men studien viser også at nokre opplevde møtet med media som ei belastning. Fleire seier at dei angra på at dei hadde late seg intervjue. Det var ein tydeleg samanheng mellom ei negativ oppleving av eiga deltaking i media og psykiske helseproblem, fastslår studien.

Ei undersøking Norsk Journalistlag utførte blant sine medlemmer, viste då også at mange journalistar frykta å forverre situasjonen til dei som allereie var hardt ramma. (©NPK)