Produktdesignar Steinar Hindenes og teamet hans designar møblar som vert lanserte verden over, dei to Hollywoodstjernene har bestilt fire Plank-sofaer til sommarhuset sitt.

Morten Sæle, Nordhordland
Morten Sæle, Nordhordland

I tillegg til sitt virke som produktdesignar er Hindenes og professor i møbel- og komponentdesign ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB). Han kjem opprinneleg frå Kløve, der han hadde barne- og ungdomsåra sine.

– Eg har alltid vore glad i å laga ting og å teikna, den type kreativ jobbing. Det som gjorde at eg ville gå på KHiB var ein fantastisk lærar eg hadde i 9. klasse, Gisle Hodneland. Han tok oss med på ekskursjon til KHiB. Det vart ei skikkeleg aha-oppleving, og eg fann ut at her er plassen for meg, seier Hindenes.

Inspirerande i team

– Å jobba i eit team ser eg på som utruleg inspirerande og morosamt, det å kasta ball om idear med nokon, seier Hindenes. Han kontakta då Petter Knudsen, og dei starta saman på eit prosjekt med nye møblar til USF Verftet i 2009.

– Etter kvart tenkte vi at det å vera tre er ganske mykje meir prosentvis enn berre å vera to, dermed begynte vi å diskutera kven det kunne vera, så kontakta vi Anders Berg som gjekk ut frå skulen i 2011, fortel Hindenes.

– Begge dei to har lang fartstid frå mellom anna industri før dei starta på KHiB, så dei er sånne superekspertar på sine felt. Frå 2011 var det oss tre, og då var det definitivt for lite på USF, fortel Hindenes.

Senkveld-sofaen

Det første prosjektet dei tre sette i gang med var utvikling av ein ny sofa til «Senkveld» på TV2.

– Det starta med at scenograf Lise Christensen i TV2 kontakta oss med ønske om ein ny sofa til gjestane i programmet, fortel Hindenes. Dei vart kontakta i mai 2011, med leveringsdato alt i august, ei veldig kort produksjonstid for utvikling av eit nytt produkt.

LES OGSÅ: Denne solgte for 9,5 millioner på et halvår. Nå har mannen bak nye dingser på lur

– Vi leverte tre designforslag, og dei valde ut sofaen «UP», og etter ein intens periode vart «UP» i to variantar levert i Nydalen dagen før innspelinga starta, fortel Hindenes. Sidan den gongen har rundt 700 000 nordmenn sett sofaen på lufta med Tomas og Harald kvar fredagskveld. Sofaen som vart levert til «Senkveld» bygde dei tre sjølve. Samtidig utvikla dei ein kommersiell variant som no vert produsert for sal av Fora Form i Norge.

Eit anna produkt dei har utvikla som no er på veg ut i marknaden er sofaen «Plank» som vert produsert av danske dk3. Ideen starta med eit ønske om å laga noko av materiale frå Dinesen, ein dansk produsent av massive golvbord i heiltre.

– Ein sofa er levert til ein ambassade i Dubai, og no etter ferien skal den settast i produksjon, og begynna å leverast ut til kundar, fortel Hindenes, som kan røpa at kjende Hollywood-stjerner alt har fått auga opp for sofaen.

Pitt og Jolie

– Det er kanskje dumt å seia det, men sjefen for dk3 ringde ein dag i sommar, han hadde fått ein telefon med ordre på fire sofaer frå same kunde. Det er ganske dyre sofaer, så det var jo fantastisk, fortel Hindenes.

– Han spurte om eg kunne gjetta kven det var, men kva skulle eg seia, var det Kongen kanskje? Då kunne han fortelja at det er Brad Pitt og Angelina Jolie som har bestilt til eit sommarhus-slott dei har i Sør-Frankrike, seier Hindenes. Deira franske interiørarkitekt har sett sofaen og presentert den for dei.

– Vanlegvis anar jo ikkje vi kven som kjøper våre ting, det går gjennom andre ledd, seier Hindenes.

Les saka i Nordhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE