Med «Rumba med Gunn» på høgtalaren har fitjarbuen Stian Torland tråkka seg halvvegs nedover det historiske jernteppet.

Thea Idsøe, Bladet Sunnhordland
Thea Idsøe, Bladet Sunnhordland

– Kroppen fungerer berre betre og betre, seier Stian Torland.

30. mai stod Torland på startstreken i Kirkenes. Med fire månader til disposisjon skulle fitjarbuen tråkka seg nedover det historiske jernteppet. Ein distanse som svarar til om lag 10.000 kilometer og 20 land sett frå sykkelsetet.

Nesten smertefritt
– Eg har hatt to punkteringar og ei lita veke med dårleg hofte, elles har reisa gått så å seia smertefritt. 

BAKGRUNN: Stian Torland frå Fitjar er grensesyklisten

Når Sunnhordland snakkar med Torland over Skype, har han nettopp landa på hotellrommet sitt i Lübeck i Tyskland. Her ventar eit par restitusjonsdagar før ferda går vidare.

– Gjennomsnittsetappane har lege på mellom 10 og 15 mil til dagen, seier sykkelentusiasten.

På turens lengste etappe så langt tråkka Torland 22 mil og kryssa tre landgrenser. Den dagen var han gjennom Litauen, Russland og Polen.

– No er eg halvvegs, og absolutt i rute. Men ein må jo feriera litt òg når ein først tek ei slik reise, seier Torland, som likevel må innrømma at dagane etter kroppen har restituert er dei verste.

– Kroppen har ikkje godt av å få slappa av, då har han tid til å kjenna at han er sliten. No er det blitt rutine å stå opp, pakka saman teltet og setta seg på sykkelsetet.

I takt med temperaturen har teltnettene auka.

– Eg har blitt vanvitig glad i teltet. No søv eg betre i telt enn i hotellseng,

Sykkelstereo
– Eg hadde trudd eg skulle slita meir psykisk i periodane der eg sykla åleine, men det har gått over all forventning, fortel han.

Til no har han hatt selskap i to etappar. I Gdansk stod kjærasten og venta, ho har sykla med han til Lübeck. Dei siste 700 kilometrane til målstreken i Bulgaria skal mora vera med.

Torland veit å underhalde seg sjølv og dei han møter langs sykkelruta. No har han montert ein høgtalar på sykkelstyret, og tvilar ikkje på å syngja med når han har sykkelstereoen på full guffe. 

– Her om dagen sykla me gjennom ein liten tysk tettstad med slageren «Rumba med Gunn» på høgtalaren. Det slo godt an blant tilhøyrarane, fleipar fitjarbuen.

Han er overraska over kor lite kontaktsøkjande folk langs vegen er, men di lengre nedover jernteppet han har komme, di meir vennlege er dei han møter.

– Me er hovudattraksjonen når me syklar gjennom sentrum med sykkelutstyr og full oppakking. Dresskledde menn stoppar opp for å ta bilete med oss. 

– Hadde eg gått inn for det kunne eg klart ruta på tre månader, i staden for fire. Men då hadde det jo ikkje blitt like mykje kos, seier Torland.

Les saka og sjå fleire bilete i Bladet Sunnhordland.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

ANNONSE