Ein beinhard norseman
Laurdag gjennomførte Tore Petterteig Opsanger (28) Norseman Xtreme Triathlon og nådde målet sitt med god margin.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka vart først publisert hos Kvinnheringen
Han gjennomførte 3,8 km symjing i Hardangerfjorden, 180 km på sykkel og til slutt 42,2 km springing til Gaustadtoppen. Blant dei 250 deltakarane var Tore sitt mål å bli blant dei 160 beste (det er berre dei som får svart Norseman-t-skjorte) og å koma under 15 timar. Det klarte han med glans: 14 timar og 22 sekund gav ein flott 74. plass blant dei tøffaste av dei tøffe.
LES OGSÅ: Sjå gutane som sumde over fjorden
Den ultimate triatlonen
Norseman Xtreme Triathlon er rekna for vera den ultimate triatlonen og krev mykje trening i forkant.
– Sidan november har eg lagt ned 600 treningstimar for å nå målet mitt i Norseman, fortel Tore.
– Eg er svært nøgd. Rett nok kunne det vore kjekt å koma under 14 timar når eg først var så nær. Men alt i alt gjekk det bra og eg klarte å få i meg mat undervegs, noko som kan vera ei utfordring når ein byrjar å bli skikkeleg sliten.
LES OGSÅ: Førarlause bilar lovleg til neste år
– På slutten fraus eg litt
Tore fortel om ok vêrforhold. Under sykkelrittet var det litt kaldt på toppane og varmt i dalane.
– På slutten av maratonen fraus eg litt. Om det var kaldt, eller om det var på grunn av utmattinga, er eg ikkje sikker på. Eg vart ganske tom til slutt.
– Og korleis var kjensla då du stod på toppen?
– Då var eg i grunnen mest opptatt av å koma meg ned igjen og i seng. Var rett og slett litt apatisk.
– Har du sett deg nye mål?
– Det er det for tidleg å svara på – eg må nok fordøya dette litt meir.
LES OGSÅ: Kulturhistoria på fem minutt