Har lita tru på at lærarstreiken blir avverja

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trur det blir lærarstreik

Partane blei kalla inn til eit lovpålagt møte hos riksmeklar Nils Dalseide sist måndag. Møtet førte ikkje til framgang, og sidan har dei to sidene ikkje hatt kontakt, fortel ho.

Lied seier ho opplever sjansen for at ein streik kan avverjast før skulestart om to veker som liten slik situasjonen er i dag. 

LES OGSÅ:I denne nasjonalparken er det mobilforbod

Dreier seg om meir enn formuleringar

– Eg har ikkje sett tydeleg bevegelse hos motparten som skulle tyde på det, seier ho.

Lied seier ho registrerte med forundring at styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen (H), uttaler til Stavanger Aftenblad før helga at ho ikkje forstod kvifor lærarane streikar. 

– KS må ta innover seg at tre av fire lærarar seier nei til utkastet til ny tariffavtale, og at dei må komme med noko nytt. KS må også forstå at dette dreier seg om meir enn formuleringar i ein avtale, det dreier seg om eit større læraropprør etter lang tids frustrasjon over situasjonen, seier ho.

LES OGSÅ: Trur ikkje på forfremming

Vil ikkje kommentera

KS vil ikkje kommentere saka og viser til Riksmeklarens kontor.

Riksmeklar Nils Dalseide seier til NTB at han vil innkalle partane til eit nytt møte snarleg.

LES OGSÅ: Vil du ha 5000 kroner?

Faktaboks

Fakta om lærarstreiken

* KS og Utdanningsforbundet vart måndag 26. mai samde om ein ny arbeidstidsavtale for lærarane.

* Dei tre mindre lærarforbunda Norsk Lektorlag (NL), Skolenes landsforbund (SL) og Musikernes Fellesforbund (MF) sa nei til skissa.

* LO-forbundet Skolenes landsforbund tok 10. juni ut fem medlemmer i streik på Karmøy.

* Musikernes Fellesorganisasjon, der musikklærarane er organisert, har hatt seks medlemmer i streik sidan 11. juni.

* Norsk Lektorlag har varslet at lektorar frå fleire skoler kjem til å bli tatt ut i streik etter sommarferien.

* 73 prosent av Utdanningsforbundets rundt 93.000 medlemmer i KS-tariffområdet stemte 25. juni nei til den framforhandla tariffavtalen. Utdanningsforbundet har dermed slutta seg til streiken.

* 1. juli gjekk 36 lærarar ut i streik på Rothaugen skole i Bergen, og det kan bli ein kraftig opptrapping frå skolestart.