Sviktande besøk på norske kinoar i sommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Administrerande direktør Lene Løken i Film og Kino har merka seg dei svake besøkstala og meiner det er to årsaker til nedgangen.

LES OGSÅ: Jan Roar Leikvoll er død

Den eine er at det har vore fantastisk fint sommarvêr, og at mange har føretrekt å vere ute framfor å sitje i kinosalen. Den andre, og det viktigaste, er at dei såkalla blockbusterane har svikta heilt. Ingen av storfilmane frå Hollywood har levert som forventa i Noreg, og i USA har det vore ein katastrofal julimånad, seier Løken til NTB.

Før var juli bra

Tidlegare har juli vore ein god månad for kinoane i Noreg.

Dei store publikumsdragarane vert sleppte i USA i juli når det er skulefri. Dei siste åra har vi hatt gode julimånader fordi digitaliseringa gjer at vi raskt kan få desse filmane til Noreg, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil du ha hen?