Thea (14) speler fotball med gutane

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Thea (14) speler på gutelaget

Det er Dagbladet som har snakka med sogndølen som spelar saman med gutelaget til Sogndal på Norway Cup. Du kan sjå ho i aksjon i videoen til Dagbladet her.

LES OGSÅ: Kva kjønn er du?

Imponerande

Ho er aktuell for landslaget i klassen sin, og trenar Stig Nord skryt av Thea Bjelde.

– Thea har komme veldig langt. Ho er sterk, rask og veldig engasjert i spelet, og ho imponerer på veldig mange områder. Det er først og fremst at ho har den aggressiviteten, styrken i kroppen og tøffheita som er imponerande for ei jente i den alderen, seier Nord til Dagbladet.

LES OGSÅ: Tilbake til hallingen

Gir alt tilbake

Den gryande fotballstjerna blir sjølv meir motivert av å spela med gutane.

Det skjer veldig ofte at dei ser bort på meg og seier at «ho der er einaste jenta». Då får eg berre lyst til å gi alt tilbake, og visa at eg kan vera betre enn dei, seier Thea Bjelde til Dagbladet.