No har forskarar kanskje gjort det til ei enkel oppgåve å finna det perfekte profilbiletet på Facebook.

I førsteinntrykket ligg det mykje, og me dømmer ofte personar utifrå dei første 100 millisekunda me ser dei. Danske videnskab.dk skriv i dag om den amerikanske studien som har funne ut kva ansiktstrekk og ansiktsuttrykk som vekkjer mest tillit i det viktige førsteinntrykket.

LES OGSÅ:Får brødet til å vara lenger

Dominerande, truverdig eller attraktiv

Det har lenge blitt forska på kva ansiktstrekk som vekkjer ulike reaksjonar hjå folk. Ifølgje dei amerikanske forskarane er det visse trekk ved ansiktet som får deg til å virka anten dominerande, truverdig eller attraktiv og ungdommeleg innan dei første millisekunda.

Forskarane undersøkte reaksjonen til ei testgruppe på 1000 ulike bilete, og samanlikna reaksjonane med dei ulike ansiktstrekka. Ut frå dette laga dei modellar som kan forutsjå korleis ein vil reagera på ulike ansikt.

Videoen under er eit døme på kva ansiktstrekk som får deg til å virka meir truverdig.

LES OGSÅ:Mindre sannsyn for å bli skilt

Munnen er avgjerande

Spesielt for ansiktstrekka som gjer deg truverdig er munnen avgjerande, skriv videnskab.dk. Breie og store smil vekkjer meir tillit enn andre.

For dominerande ansikt er det smale, markerte og maskuline trekk som gjeld, og ei fyldig underleppe får deg til å virka attraktiv og ungdommeleg.

Du kan lesa meir om studien her.

LES OGSÅ:AIDS-epidemien kan bli stogga

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

Kommentarar

ANNONSE