Heidi Furre: forfattar, fotograf, bloggar. Med lesarar som får ho til å gråta på open gate har ho vekas beste nynorskblogg.

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.

LES FAKTALUKK FAKTA

Før Facebook og alt det der, som ho sjølv skriv, byrja Heidi Furre å blogga. Motivasjonen den gong var tilfeldigheiter, keisamheit og søndagsdepp.

– Eg skreiv om at eg hadde spionert på naboen og la ut bilete frå livet mitt heilt ukritisk. Eg veit ikkje om eg ville gjort det same i dag, no veit eg jo at eg har naboar som faktisk les bloggen min.

Framtida.no leitar etter verdas beste nynorskblogg. Denne veka er det Heidi Furre som er nominert.

Du kan sjå bloggen, eller dagboka, til Heidi Furre her.

Foto og smådrypp
Bloggen er primært ein fotoblogg, der ho viser fram arbeidet sitt. Men under dagbokseksjonen kjem det og personlege erfaringar.

– Det er også ein personlig blogg, der det dukkar opp tekstar om ting eg har opplevd, tenkjer på eller har drøymt om. 

Her kan du lesa dei andre gode nynorskbloggane me har funne.

– Kven vil du treffa med blogginga?

– Alle som vil. Alle skal få! Eg har aldri tenkt at den skal retta seg mot spesielle grupper, men eg tippar den største lesargruppa er unge kvinner. I det heile er det unge kvinner som dominerer heile blogguniverset, det er dei som tener pengar på det, og skapar seg jobbar av det. Det syns eg er heilt rått. 

LES OGSÅ: Filosofisk til middag

Debutantskryt
Heidi Furre er og forfattar, og debuterte i fjor med boka «Parissyndromet». Den gong fekk ho strålande kritikk frå NRK.

– Heidi Furre skriv ikkje berre ein lett og ukunstig nynorsk, ho meistrar stemningar, kjensle og nærvær på ein måte ein ikkje merkar, og som nettopp difor blir opplevd, skreiv anmeldar Leif Ekle om «Parissyndromet»

Framtida snakka og med ho, i eit intervju du kan lesa her.

LES OGSÅ: Feminist, ja visst!

– Kva betyr blogginga for forfattarskapet?

– Masse! Forlaget mitt fann meg jo via bloggen min, og eg kan kommunisera med lesarane mine via bloggen. Og dei kan kommunisera med meg.

Tips oss om gode nynorskbloggar her!


På bloggen skriv Heidi Furre blant anna om eit gjensyn med Paris, byen der debutromanen Parissyndromet fann stad.

Gret på open gate
Og kommunikasjonen med lesarane er mest av det positive slaget.

– Kommentarfeltet mitt er heldigvis fredelig og fritt for troll. Der er det mest hjerter og superlativ som dukkar opp.

Opp gjennom åra har ho fått ein del meldingar, og sjølv meiner Furre ho er for dårleg til å svara på desse. Lesarane som skriv kan spørja om ulike ting, som kjærleiksproblem eller fotohjelp. Men av og til treff det rett heim.

– Innimellom kjem det e-postar som rører meg veldig, frå jenter som berre treng nokon å snakka med om vanskelege ting. Eg har stått midt i Oslo by og begynt å grina av mail eg har fått av lesarar.  

LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

 Nedprioritert i sommarvarmen
Furre fortel at ho har akkurat over 1000 følgarar på Bloglovin, men at lesartala ikkje bekymrar ho veldig i sommarvarmen.

– No har eg ikkje følgt med på statistikk på bloggen min på lenge, men det er nok ganske døsig der inne om sommaren når eg ikkje prioriterer å henga framfor skjermen meir enn nødvendig. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE