Brenn du inne med noko? Få det ut hos Framtida.no – me vil høyra di stemme.

Framtida.no er ikkje berre ei nettavis som skriv om festivalar, nynorskeller dyr som reddar verda. Me er, og vil vera, ei meinings- og debattavis. Difor vil me høyra frå akkurat deg!

Send ein tekst til on.ad1634953632itmar1634953632f@spi1634953632t1634953632 då vel!

Det meste kan klagast på

Målet er å trekka fram unge, engasjerte stemmer. Meiner du at studiestøtta er for lita? Tykkjer du hindringane som møter deg i helsetenesta er for store? Eller er du ein av dei som får berre akkurat passeleg med myggstikk kvar sommar, og meiner andre bør slutta å klaga så fælt? Kanskje diktar du?

I så fall tykkjer me ikkje du skal brenna inne med det lenger. Det kan vera helsefarleg. Få ut dampen, skriv dine meiningar hos Framtida.no – slik som desse prakteksemplara av norsk ungdom har gjort før deg.

Korleis går eg fram?

Kven som helst kan senda inn eit innlegg til oss – og me vil vurdera om det skal publiserast eller ikkje. Me vidareformidlar ikkje hatske kommentarar eller openbart usanne påstandar, men mykje anna. Dessutan følgjer me Ver Varsam-plakaten.

Har du ei meining? Vil du dela den med fleire? Send den inn til oss på on.ad1634953632itmar1634953632f@spi1634953632t1634953632

PS: Den merksame lesaren vil merka seg at Framtida.no skriv nynorsk. Det er litt av oppgåva vår, å halda språket i live. Difor ønskjer me at du og skriv innlegga på nynorsk. Er ikkje det hovudmålet ditt? Gjer eit forsøk, så står me for språkvasken. Det skulle berre mangla.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE