Mats Riise (28) og Tommy Riise Olsen (25) stod for ei bragd måndag kveld. Då sumde dei over Hjørundfjorden i Møre og Romsdal

Rune Sæbønes – Møre-Nytt/Redigert av Framtida.no
Rune Sæbønes – Møre-Nytt/Redigert av Framtida.no

Mats Riise (28) og Tommy Riise Olsen (25) stod for ei bragd måndag kveld. Då sumde dei over Hjørundfjorden i Møre og Romsdal

Saka vart først publisert hos Møre-Nytt, og du kan lesa meir om symjeturen i deira papirutgåve

Dei skulle symje frå Lekneset til Hustadneset, ein distanse på vel 1,6 kilometer. Men det vart ein mykje tøffare tur enn dei kunne ane. For dei valde eit tidspunkt der solgangsbrisen var på det sterkaste. Det er nemleg eit faktum at når sommarvarmen verkeleg slår til, er Hjørundfjorden utsett for vind. Og med vinden følgjer bølgjer og straum.

LES OGSÅ: Sagbrukmusikk på bygda

Difor vart det ein solid omveg, og distansen vart over to kilometer. Dei kom seg i land mellom Hustadneset og Skår, og brukte ein time og førti minutt på turen.

Sjå ein videosnutt frå turen her!

Video: Rune Sæbønes

Godt planlagt

Turen var godt planlagt. Å leggje av frå det eine neset til det andre neset krev utstyr og hjelp. To nye våtdrakter vart kjøpt inn. Dei held på varmen. I tillegg var følgje tinga.

LES OGSÅ: Sjå alt frå Vinjerock!

Ida Maria Buzon Ose stilte med brett og padleårer, og var tett på symjarane heile tida. Vidare stilte Marius Riise og Hanna Kinn i følgjebåt.

Undervegs var humøret på topp heile tida. Det å ha følgje gav tryggleik.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE