Fotball utan røyk og snus

Med det vert Norway Cup den første tobakksfrie fotballturneringa i verda.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fotball utan røyk og snus

Unge og vaksne som er på sletta eller på eitt av Norway Cups arrangement i år, vert oppmoda til å la røyk og snus liggja i lomma under heile cupen, skriv Helsedirektoratet i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Her bryt nesten alle lova

– Dei fleste som byrjar med røyk eller snus, gjer det i ung alder. Ved å gjera Norway Cup tobakksfri, forsvinn endå ein arena for rekruttering og sosialt press om å byrja med tobakk. Det er eit flott tiltak, og eg håpar fleire følgjer etter, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

LES OGSÅ: Røykelova vert strengare

Tiltaket, som går under nemninga «Fotball utan røyk og snus», vil ifølgje direktoratet gjera Norway Cup til den første tobakksfrie fotballturneringa i verda.

– Tobakken og snusen høyrer ikkje heime saman med idretten, og det er flott med røykje- og snusslutt for både helse, sjel og relasjonar, seier generalsekretær for Norway Cup, Frode Kyvåg.

Fotballturneringa vert arrangert frå 27. juli til 2. august. 

LES OGSÅ: Varslar strengare skulestyring