Stortingsrepresentant Linda Hofstad Helleland (H) vil at ungdom på 17 og eit halvt år skal få køyra opp for å unngå ventelister på sommaren.

(NPK-.NTB)
(NPK-.NTB)

Førarkortet skal likevel ikkje utleverast før 18-årsdagen.

Flaskehals grunna ferie

Helleland, som leier Stortingets transportkomité, meiner tiltaket vil løysa opp i oppkøyringskøen på sommaren. Flaskehalsen oppstår på grunn av ferieavvikling, samstundes som mange øvingskøyrer og ynskjer å køyra opp i perioden.

– Mange må venta i månader etter at dei har fylt 18 for å få køyra opp og må ha nye timer til mange tusen før oppkøyringa, seier Helleland til NTB.

LES OGSÅ: Memoarar frå ein nesten-statsråd

Ho ynskjer ei løysing der ungdom kan ta oppkøyringa til førarkortet opptil eit halvt år før 18-årsdagen. Førarkortet skal likevel ikkje utleverast før dei fyller 18 år.

– Eg ser inga hindring for at ungdom kan køyra opp nokre månader tidlegare om dei oppfyller alle dei andre krava, seier Helleland.

LES OGSÅ: Hang til kjærleik

Vil forenkla

Stortingsrepresentanten understrekar at det er viktig at kvar einskild held fram med mengdetrening og øvingskøyrer heime fram til dei er 18 og kan køyra åleine.

– Sjølvsagt skal ikkje endringane svekkja trafikktryggleiken på nokon måte. Det er snakk om eit rigid, gammaldags system som må forenklast, seier ho.

Helleland vil ta opp saka etter sommarferien og håpar på å få endra regelverket til sommaren 2015.

LES OGSÅ: Her bryt nesten alle lova

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE