Knallhard kamp om studieplassane

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig bra at så mange ønskjer å ta høgare utdanning, og at endå fleire enn tidlegare får oppfylt førstevalet sitt, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. I alt har 84810 kvalifiserte søkjarar fått tilbod om studieplass, ei auke på 1,7 prosent frå i fjor.

Det mest populære studiet i år er Rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, målt i reine søkarar. Der søkte 2115 om plass. Per studieplass er det psykologi ved same Universitet som kjem øvst, med 15,9 søkarar per studieplass, skriv NRK.no

LES OGSÅ: – Uansvarleg av Frp

Høgt nivå

Fleire av prestisjestudia som medisin, psykologi og jus har lenge vore vanskeleg å komma inn på, og i år har poengkravet for fleire av desse studia stege endå høgare.

Aller vanskelegast er det å komma inn på medisinstudiet i Oslo, ifølgje Samordna Opptak. Rett bak kjem medisin på NTNU i Trondheim, og på begge studieprogramma har poengkravet auka sidan i fjor.

LES OGSÅ: Droppa leksene – fekk rekordhøge karakterar

Hard konkurranse

På Universitetet i Bergen har dei fått så mange søkjarar at det nærast er stapp fullt. Men at dei har så mange kvalifiserte søkjarar, betyr ikkje at det er sikkert at alle studieplassane blir fylt opp.

Med høg konkurranse om studieplassane betyr det og at dei har mange valmoglegheiter. Då er det ikkje garantert at dei kjem til oss, om dei kan komma inn andre stader. Me sender ut brev no for å sikra at så mange som mogleg vil komma hit, seier viserektor ved UiB, Oddrun Samdal.

LES OGSÅ: Hang til kjærleik

For mange?

Men når institusjonane vil prøva å vinna konkurransen om dei flinkaste studentane, kan det slå feil ut. Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk Studentorganisasjon fryktar at studentar som har fått plass kan møta til fulle klasserom første skuledag.

– Me har døme på studentar som møter opp første dag, og ikkje får plass i auditoriet, seier Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk Studentorganisasjon til NTB.

– Når det ikkje er plass på forelesing, du ikkje får grupperom, det er fullt på lesesalen og du får lita oppfølging, så fører det til fråfall, meiner Langset ifølgje NTB.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Fleire på realfag og teknologi

I pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet står det vidare at realfag og teknologi har fått ein kraftig oppsving. Dei siste fire åra har søkjartala til desse studia auka med rundt 40 prosent.

– Me har behov for mange dyktige og kreative teknologar og realfagskandidatar i åra framover. Desse kan bidra til å løysa viktige samfunnsutfordringar, som til dømes å skapa nye miljøarbeidsplassar, seier Torbjørn Røe Isaksen i pressemeldinga.

Faktaboks

Fakta:

Tala for opptak til høgare utdanning er ute. I alt vil fleire studera.

Om lag 98 900 er kvalifiserte til opptak av 119 000 som søkte.

84810 kvalifiserte søkjarar har fått tilbod om studieplass, ei auke på 1,7 prosent frå i fjor.

Laurdag 19. juli vert restplassane lagt ut.

På Universitetet i Bergen ligg det an til å bli heilt fullt.

Leiar i Norsk Studentorganisasjon, Anders Kvernmo Langset, er bekymra for at institusjonane gir tilbod til fleire studentar enn dei har kapasitet til, ifølgje NTB.