I ei oversikt Klassekampen har laga viser det seg at 20 norske festivalar er sponsa av oljebransjen, blant anna nokre som marknadsfører seg som fyrtårn.

Klassekampen publiserte i går ei oversikt over kor mange norske festivalar som er sponsa av oljebransjen.

LES OGSÅ:Den flygande strikkegensaren

Av dei 20 festivalane som er sponsa av oljebransjen, har 14 av dei har oljen som hovudsponsor. Blant desse er Moldejazz, som og marknadsfører seg som miljøfyrtårn.

– At eit oljeselskap sponsar festivalen, betyr ikkje at publikum eller administrasjonen er heilt tankelause ovenfor oljebransjen, seier festivalsjef Anders Eriksson til Klassekampen.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Mot straumen

Klassekampen følgjer opp i dag, med å skriva om Øyafestivalen som nektar å samarbeida med oljebransjen.

– Oljeselskap er uaktuelle sponsorar for oss. Me ønskjer at samarbeidspartnarane våre skal dela våre grunnideal, og ein av dei tyngste verdiane våre er ønsket om å så miljøvennlege arrangement som mogleg, seier Jonas Prangerød, pressesjef for Øyafestivalen, til Klassekampen.

LES OGSÅ: No tek rekordmange kollektivtrafikk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE