Mange bilete – inga sanning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er så mange bilete av Olav H. Hauge. Han har vorte kanonisert som høvding og vismann. Så er det den mykje nytta gartnar-myten og bilete av arbeidsmannen. Når vi skal formidle livet og diktinga til Olav H. Hauge vil vi vise desse bileta, utan å freiste å kome med sanninga, seier formidlar ved Olav H. Hauge-senteret, Guro Ljone til Framtida.no.
 
I Ulvik er veggane i det gamle heradshuset måla grøne, oransje og lyseblå, det er gjennomført anbod, og diktsamlingar og dagbøker er lesne. Slik Haugesenteret tek form fram mot opninga 4. september.

– Vi skal også syne ein høgare himmel, lyrikken som sjanger og uttrykksform. Syne litt av verdslitteraturen, ikkje som ein kanon, men få fram kor mykje forskjellig lyrikk som finst.

LES OGSÅ: Hauge-senteret er berga

Eit fascinerande liv
– Historia om livet til Hauge treff folk veldig. Det er ei dramatisk forteljing. Med konflikten mellom det praktiske tunge arbeidet på ei side, og lesinga og skrivinga på den andre. Det at han ikkje hadde noko formell høgare utdanning, men samstundes var utruleg lærd. Det dramatiske med dei lange opphalde på psykiatriske sjukehus. Og så er det den fine kjærleikshistoria, der han finn kjærleiken i godt vaksen alder etter å ha levd det meste av livet åleine, forklarar Ljone.

Det levde livet åt Hauge skal mellom anna visast fram med boksamlinga hans med meir enn 6000 skrifter, og med lyd og med film. Men også gjennom nøye valde fargar i ulike rom. Grønt for dei fysiske stadene, garden i Ulvik der han budde det meste av livet og frukthagen. Lyseblått og med utsikt mot fjorden, for hans utsyn mot resten av verda – litteraturen.

Samstundes strekar Ljone under at det er diktinga som er mest i fokus på senteret, og at dei er varsame med å trekkje slutningar mellom livet og lyrikken.

LES OGSÅ: Boksamlinga flytta til Haugesenteret

Saka fortset under biletet.


Ifjor spøka det for opninga av Hauge-senteret, då regjeringa først fjerna støtta frå statsbudsjettet. Det vart Venstre som fekk regjeringa til å snu i saka. Foto: Hauge-senteret

Valt bort
I år er det 20 år sidan Olav H. Hauge døydde og Guro Ljone meiner diktinga hans framleis er aktuell.

– Han har vorte ein av våre mest folkekjære lyrikarar, kanskje særleg etter sin død. Det at han er anerkjent i så mange krinsar, både blant fagfolk og ”vanlege”, meiner vi er eit godt utgangspunkt for å lyfte diktinga hans, seier Ljone.

Ho peikar også på styrkja det er at dikta kan lesast og opplevast på fleire nivå. Det sanselege, nære og konkrete, og det doble ved at det også er eit djupare nivå.

I arbeidet med utstillinga har dei valt å ikkje fokusere på ein del av dei mest kjende dikta, som Din veg og Det er den draumen. Men heller trekkje fram dei mindre kjende.

– Mange av dei tidlige dikta hans har vore undervurdert. Profil-krinsen fokuserte jo på dei korte ting-dikta. Men mykje av det beste han skreiv gjorde han tidleg, forklarar Ljone. Og trekkjer fram Revebjøllor i grustaket frå den alle fyrste diktsamlinga, Glør i oska.

LES OGSÅ: Ukjende Olav H. Hauge-tekstar

Hauge og Sponheim
Ljone, som sjølv kjem frå Ulvik, opplever at medvitet om Hauge vert sterkare og sterkare lokalt. Mellom anna av de dei som går på skulen i dag lærar endå meir Hauge.

– Det er jo Olav H. Hauge og Lars Sponheim folk forbind med Ulvik. Hauge er veldig viktig for oss. Samstundes er det mange her som kjende han på ein litt annan måte enn folk frå utanomverda, dei som har møtt han på butikken og kjent han som bygdemenneske.

Har ein derimot ikkje skaffa seg bilete eller forhold til Hauge, så har Guro Ljone oppmodinga klår.

– Alle bør ha Dikt i samling, så er det berre å byrje med å bla fram og tilbake. For dikta er både intense og gode å lese. Dei har ein allmenngyldig kvalitet, avsluttar ho.

 
I den oransje sona skal snart litt av verdslitteraturen synast fram.

Faktaboks

Olav H. Hauge

• Levde frå 1908 til 1994, for det meste i Ulvik i Hardanger.

• Verka som fruktdyrkar, omsetjar og lyrikar.

• Gift med kunstnar Bodil Cappelen.

• I år 2000 vart dagbøkene han skreiv frå 1924 til 1994 gjeve ut.

• Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, som opnar 4. september, er eigd og drive av Nynorsk kultursentrum.