Satsar på kollektiv-app med vêrmelding

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helsinki mot ny kollektivløysing

Mindre bilar i bysentrum og korleis ein skal få innbyggjarane til å gå med på andre løysingar for transport, skapar hovudbry for politikarar verda over.

Då gjeld det å ha gode alternativ, som gjer det enkelt å reise kollektivt.

LES OGSÅ: No tek rekordmange kollektivtrafikk

Parkering og bussbillett
I Finlands hovudstad Helsinki arbeider dei med eit heilt nytt transportsystem, der brukarane kan verte fortalt kva transportmiddel dei bør nytta, basert på mellom anna vêrmeldingar og overgangstider. Dette melder engelskspråklege Helsinki Times.

Tanken er å samle alle tenester i eitt system. Løysinga kan minne litt om Ruter i Oslo, der ein kan kjøpe billett til både lokale NSB-tog, buss og ferger i same app.

Men i Finland tenkjer dei enno større, og vil i tillegg til kollektivtransport, ha med bilparkar, taxi og parkeringsavgifter i betalingssystemet. Pluss vêrinfo.

Ruteplanleggjaren skal etter planen vere ferdig i 2025, men allereie ved dette årsskiftet kan det verte testa ut i nokre område i hovudstaden.

I Finland er det meste av kollektivtransporten offentleg eigd. I hovudstaden har Helsinki Region Transport (HSL) monopol på kollektivtransport, men tanken er at fleire aktørar kan verte med på den nye reiseløysinga.

LES OGSÅ: – SV er best på buss, trikk og bane

Ikkje statusbil
Transportingeniør Sonja Heikkilä har skrive masteroppgåva si om framtidas transport, og konkludert med at dagens system ikkje dekkjer behova til alle innbyggjarane. Ho trur på endring.

– Bilen er ikkje lenger eit statussymbol for unge menneskjer, forklarar Heikkilä til Helsinki Times.

Ho har funne at unge finnar krev enkle, fleksible og billige løysingar når det kjem til transport.

Fleire og fleire nyttar kollektivtransport, og Heikkilä meiner at folk kan endra reisevanane sine enno meir dei neste ti åra.

– Det kan verke, sjølv om eldre folk ikkje vil gje opp bilane sine. Endring skjer gradvis, seier transportingeniøren.