Redda 14.000 fotballbanar regnskog
Kampanjen til Regnskogfondet «VM-sveisen» har fått inn rundt 700.000 kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hårsveis redda regnskog
Då kampanjen var slutt, var 150 kvadratkilometer regnskog redda. Det svarar til 13.812 fotballbanar. Arealet utgjer eit område dobbel så stort som Stavanger.
LES OGSÅ: Overvakar regnskogen på Facebook
Sveisne karar
– Eit fotball-VM i Brasil, med kampar i Amazonas, var eit strålande høve til å skapa blest om raseringa av regnskogane i verda. Vi synest det er flott å sjå at fotballfolket har teke denne bodskapen til seg og vist at dei har eit hjarta for regnskogane i verda, seier Calle Hägg i Regnskogfondet.
Mange har fått VM-sveisen og endå fleire har redda ein fotballbane med regnskog for 50 kroner.
Arne Scheie, Drillo, Dan Eggen og Knut Arild Hareide er nokre av dei som har fått VM-sveisen.
LES OGSÅ: Brasiliansk ungdom vil endra landet