Homofile rømmer ikkje frå bygda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 At homofile må flytte frå bygda fordi legninga deira ikkje vert akseptert der, er ei sanning med modifikasjonar. Det meiner den svenske forskaren Thomas Wimark ved Stockholms universitet, skriv Forskning.no.

Wimark har forska på homofile sitt flyttemønster til og frå storbyane i Sverige, og har funne ut at motiva for å flytte har endra seg drastisk. Medan eldre homofile fortel at dei var nøydde til å flytte til storbyen for å leve ut sin seksualitet, har dei yngre homofile ei anna historie.

LES OGSÅ: FN vil ha fotballspelarar ut av skapet

Det hjelp med Internett

Motiva deira er dei same som for heterofile. Dei ønskjer seg storbypuls, større moglegheit på arbeidsmarknaden – og større moglegheit for å finne seg ein partnar.

– I dag finst internett. Ved hjelp av eit tasttrykk på ein app kan homofile finne ein likesinna, uansett kvar du bur, seier Wimark til Forskning.no. (©NPK)

LES OGSÅ: Skeivt blikk på ny kvardag