Brørne Stian (15) og Emil (18) Aam Iversen har i sommar teke på seg eit skikkeleg båtprosjekt.

Kjell ArneSteinsvik, Møre-Nytt
Kjell ArneSteinsvik, Møre-Nytt

Dei skal pusse opp ein seglbåt av typen UFO31 frå 1981. 

– Planen er å få båten på sjøen så fort som råd. Om eg ikkje får segla i løpet av sommarferien, vert eg skuffa, seier Stian Aam Iversen (15). Saman med broren Emil (18), har dei teke på seg eit skikkeleg prosjekt.

Ein kjenning av brørne tok i fjor over seglbåten med mål om å pusse han opp, men han fekk ikkje tid til å fullføre prosjektet. Dermed fekk brørne Aam Iversen tilbod om å overta skuta for ei krone.

– Eg seier ikkje nei til ein slik båt, seier Stian.

UFO

Båten er av merket UFO 31, bygd av det britiske verftet Colvic Craft. Båten låg i fleire år i småbåthamna i Ørsta, før han i fjor vart teken på land for renovering. I dag står han i ei båtkrybbe i ein hage i Volda.

Lekkasjar i dekk hadde ført til store vasskadar innvendig, noko brørne Aam Iversen har fått sitt fulle hyre med å ordne opp i.

Dei siste vekene har dei brukt på å ta ut alt av interiør, slangar og elektronikk i båten og vaska skroget innvendig med høgtrykkspylar. Så har dei skrapa ned heile skroget under vasslinja på utsida, lappa nokre skader med glasfiber, hatt på grunning og botnsmurning, og skifta skroggjennomføringane. Resten av arbeidet skal gjerast når båten har kome på sjøen.

– Vi set på stengjeventilar på gjennomøringane, så kan vi arbeide innvendig medan han ligg på vatnet, seier Stian.

– Korleis veit de kva de skal gjere på eit så stort prosjekt?

– Vi har for det meste lest oss til det og gjort alt sjølv, men vi har også fått ein del tips. Men ein ser at det ikkje er berre-berre når ein skal gjere ting. Eg hadde planar om at det skulle gå mykje raskare, seier han.

På sjøen kvar dag

Stian har frå før to små seglbåtar og ein motorbåt, og stortrivst på sjøen. Målet er å få seglbåten i såpass brukbar stand at han kan brukast til turar på sjøen i sommar.

– Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan sjøen. Eg er utpå mest kvar dag, seier han.

– No vert det kjekt å få verte kaptein på ein litt større båt.

 Stian framfor båten som i dag står i ein hage i Volda.

Haikjeft

Med nærast eit tomt skrog som utgangspunkt, er ikkje målet at seglbåten skal verte den finaste i landet. I staden skal han verte ein tøff og spesiell ungdomsbåt. Stian fortel at han hadde planar om å få målt på ein haikjeft i baugen – i ekte «Berserk»-stil, men han som skulle gjere arbeidet trekte seg.

– Så om nokon har kunstneriske evner til å lage ein slik haikjeft på båten, må dei gjerne ta kontakt, oppmodar Stian.

«Con Amore»

I tida framover er det altså mykje som skal gjerast på båten. Masta ligg på land i Ørsta, men før ho kjem på, må det støypast ny glasfiber i dekk. I tillegg står motoren på ein verkstad i påvente av nye stempelringar. Loket på dieseltanken var heller ikkje heilt skrudd fast, så kva som skjuler seg i tanken er ukjent.

– Kva budsjett reknar de med?

– Vi har ikkje noka grense. Eg har sommarjobb, så eg brukar det eg må bruke. Det har ikkje gått med så mykje pengar enno, for mykje av arbeidet om bord kostar berre arbeidstimar.

– Vert det nytt namn og dåp av båten, no då?

– Vi har ikkje bestemt oss heilt for namnet enno. Det første vi tenkte på var «Con Amore» («Med kjærleik», journ. anm.), men no veit eg ikkje heilt, seier han med eit smil.

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53
ANNONSE