– Dei berre ler av meg når eg spør om dei har vifter på lager
Elektrobutikkar er skrapa tomme for både vifter og air condition-anlegg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dei berre ler av meg
– Me har nada igjen, seier Dag Båtnes ved Euronics i Mastrevik til avisa Nordhordland.
Austrheimingane har gått mann av huse for å skaffa seg noko til å kjøla seg ned med i sommarvarmen.
– Me gjekk tom alt på tysdag, den fyrste dagen med sommarvarme, fortel han.
LES OGSÅ: – Dette er alt for varmt for meg!
Og det nyttar ikkje å skaffa nytt.
– Eg har ringt alle levrandørane, men dei berre ler av meg når eg spør etter det, seier han.
Han reknar heller ikkje med å få tak i noko før til hausten igjen. Tidlegast.
Også air condition-anlegg er han tom for.
– Der kan me få tak i. Men det er ei vekes leveringstid, og folk er ikkje interessert i å venta så lenge i varmen, seier han.
LES OGSÅ: – Deilig med sommarferie i Austrheim!
På Expert er historia lik.
– Kvar gong det vert varmt ute, kjem folk og kjøper, seier Jan Erik Solheim.
Han har ikkje tala klare, men reknar med ein 2-300 prosent auke i salet dei siste dagane.
– Dei fleste kjem inn etter vifter. Men det var det fyrste me gjekk tom for, fortel han.
Deretter ville folk ha små portable air conditionanlegg.
– Men no er me tomme for dei og, seier han.
LES OGSÅ: Sjå sommarbileta frå Nordhordland
Solheim reknar med dei får påfyll med vifter i løpet av fredagen.
– Men eg reknar med å selja det ut fort og, seier han.