Etter at Hardanger feriepark skifta namn til Mikkelparken har besøkstala berre auka. Megahiten «The Fox» har nok heller ikkje skada.

mm

– Det er nok kanskje å dra han litt langt, men me har tenkt tanken. «The Fox» har jo sett fokus på temaet rev, ler Lars Instanes, marknadsansvarleg i Mikkelparken, når Framtida ringjer og spør om dei har Ylvis å takka for den gode sesongen.

Etter at Ylvis-brørne i september i fjor la ut videoen til den Stargate-produserte låta «The Fox», har han fått over 400 millionar visningar. Mikkelparken, på si side, har hatt ei besøksauke på heile 25 prosent første halvår i år, melder NRK.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier

Rekordhalvår
Mikkelparken i Kinsarvik i Hardanger har god grunn til å vera nøgde. Halvvegs ut i 2013 hadde 15.800 publikum funne vegen til temaparken, medan 19.700 vitja Mikkelparken i same tidsrom i år.

Nydeleg vêr og lett tilgang frå Bergensområdet etter at Hardangerbrua vart opna mellom kommunane Ulvik og Ullensvang kan nok ta sin del av æra. Kva rolle «The Fox» har hatt er uvisst, men Instanes trur parkreven Mikkel har vore viktig.

I tillegg har Mikkelparken vorte rosa i Mållaget sin Twitter-kampanje #nynorskverksemd.

Soga om Mikkel
For parken, som feirar 30 årsjubileum neste år, har reven vorte ein lur følgjesven. I 2009 skifta Hardanger feriepark namn til Mikkelparken. Då hadde namnet allereie festa seg på barnemunne, fordi maskoten Mikkel hadde dukka opp.

– Det er jo ei sann historie. Me tok over som eigarar i 2004 og fann desse skoa som reven hadde teke. Då kom me på å nytta reven som maskot, forklarar Instanes.

LES OGSÅ: Isbjørn i bjørneparken

Travle Ylvis-ar
Den skostelande reven har vorte ein suksess, som etter kvart har fått selskap av Mikkeline og andre vener. I 2004 hadde parken 10.000 gjester, medan 48.000 fann vegen i 2013.

– Me har eit mål om 53.000 i år og ligg allereie føre skjema, seier Instanes, som er nøgd med den fine veksten.

Parken driv ikkje med mykje marknadsføring og reklame, men sender ut info til barnefamiliar i området. Dei fleste besøkande høyrer om Mikkelparken via kjente kan Instanes fortelje.

«The Fox»-hitenhar dei ikkje spelt mykje i parken, sjølv om han vart spela då Mikkel og Mikkeline deltok på aktivitetar for born i Myrkdalen i påsken.

– Har de vore inne på tanken å be Ylvis om å halde konsert?

– Då songen kom var det mange som snakka om at me måtte få til eit samarbeid, men det vart ikkje gjort noko meir med det. Dei er nok veldig travle, trur Instanes.

LES OGSÅ: Ein skikkeleg revejobb

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE