Verdas minste kinosal?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil du kike på stereoskopbileta Ivar Aasen sjølv såg, høyre europeisk litteratur på originalspråket eller gå i Verdas minste kinosal? I basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda finn du ei rekkje nye installasjonar som fortel deg meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda.

LES OGSÅ: Aasen på fjerdeplass i VG-kåring

Verdas minste kino
Barna kan sjå meir av tunkatten Lurivar i Verdas minste kinosal, i språkverkstaden kan publikum leike seg med å lage nye dikt i eit dikthjul, og med store ordkolossar kan du setje saman diktet Ivar Aasens mest kjende dikt, «Nordmannen», til nye strofer ute i tunet.

Utstillingsfornyinga har skjedd over fleire år, og prosjektet har hatt tittelen Høgt og lågt, og har resultert i meir å ta på og fleire innfallsvinklar til temaet språk og litteratur for både store og små. Ein del av installasjonane er nybrotsarbeid, og tekstane i dei nye elementa ligg føre på engelsk, noko det ikkje har gjort før, fortel Aasentunet i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Makt og mangfald på Festspela

Nordmannen helsar velkomen
I sommar blir publikum i Aasen-tunet også helsa velkomen i lydstien opp til tunet. Seks høgtalarar langs gamlevegen, gir publikum ei spesiell oppleving alt på vegen opp til Aasen-tunet. I sommar blir det Anderz Eide si tolking av «Nordmannen» publikum får høyre der, seier Gaute Øvereng, dagleg leiar i Aasentunet i pressemeldinga. (©NPK)