Frå «Vaffelhjarte» til vikingar

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spel over heile landet

(Sjå video nedst i saka.)

Herøyspelet «Kongens Ring» er eit sogespel som i 23 år har vert framført på sagaøya Herøy på Sunnmøre. Manuset er basert på ei hending som er skildra Snorre si soge om Olav den Heilage og eit besøk han hadde på Herøy.

– Her er det over 350 aktørar er i sving både på og i kulissene bak scena, seier dagleg leiar i Herøyspelet John André Nærø.

LES OGSÅ: Speler Dostojevskij på dialaekt

Fungerer i små lokalsamfunn
Kommunen er ikkje åleine om tradisjonsrike og historiske spel eller friluftsteater. Kvart år engasjerer over 10.000 aktørar seg for spelkulturen rundt om i Noreg. Det er spesielt mindre lokalsamfunn som held slike tradisjonar ved like, og trekk til seg over 200.000 publikummarar kvart år.

– Jo mindre lokalsamfunnet er, desto større er den lokale betydninga. Som døme bur det berre 700 mennesker i Tydal, meir enn 300 av dei er på ulike måtar involvert i spelet om Karolinernes hærtog kvart år. Det verkar nesten som om det ikkje er noko nedre grense for lokalsamfunnet sin størrelse, så lenge det er eldsjeler og frivillige med riktig dugnadsånd, fortel professor i teatervitskap, Jon Nygaard.

Sommartradisjon for publikum
Herøyspelet på Sunnmøre har på mange måtar blitt ein kulturinstitusjon i seg sjølv, med eit stadig meir profesjonelt anlegg, fleire besøkjande, i tillegg til gamle og nye frivillige frå år til år.

– Det er ein tradisjon som har befesta seg til kulturen her ute, som er med på å skape og halde vedlike kulturarbeid i kommuna. Eg merkar eit sterkt samhald mellom alle som er ein del av spelet, fortel Nærø.

Mange i publikum har spelet som ein årleg tradisjon, medan stadig fleire tilreisande tek turen.

– Vi har ei historie som strekk seg tilbake til 1100-talet, og så har vi naturen her ute, matsal og anna som gjer at publikum kan nyte ei heil pakke.


Nils Ole Oftebro og Agnes Kittelsen (midten) er mellom dei mange skodespelarane som har sommarjobb på utescener landet over.

Amatørar og proffar saman
Er ein avhengig av dei profilerte skodespelarane for å trekkje til seg nok publikum?

– Kjende namn for både den eldre og yngre generasjon har nok noko å seie for publikum og det er med på å betra kvaliteten på spelet. Spanande er det også med dei lokale skodespelarane som tek del i stykket, seier Nærø.

LES OGSÅ: «Kon-Tiki»  nominert til åtte Amanda-prisar

Store og lokale
Blant årets profilerte skodespelarar er Agnes Kittelsen – kjent frå storfilmar som «Max Manus», «Kon-Tiki» og NRK si filmatisering av «Halvbroren» – i tillegg til skodespelarparet Anette Hoff og Nils Ole Oftebro. På scena står dei saman med unge og gamle amatørskodespelarar frå Sunnmøre.

– Det er noko av sjarmen synest eg, at vi lagar dette saman. Dei profesjonelle og amatørane som det heiter, men her er det mange dyktige, seier Anette Hoff.

Eitt av dei unge lokale talenta som har kapra ei større rolle i spelet er Simon Voldsund – kjent for norske tv-sjåarar gjennom NRK si filmatisering av «Vaffelhjarte» – Maria Parr si kritikarroste debutbok.

Både Simon og Morten Gusdal, som har rolla som biskop, er svært positive til å stå på scena saman med dei profilerte skodespelarane.

– Eg tenkte kanskje først at det kom til å bli skummelt å skulle prestere saman med dei, men dei er veldig jordnære og kjekke folk, seier Gusdal.

– Dei er veldig kjekke å spele saman med, og så har ein eit førebilete å strekke seg etter, legg Simon til.

LES OGSÅ: «Vaffelhjarte» vann ny pris