Venstrehendte gutar oftare fødde om vinteren

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vinterborn vert venstrehendte

Men forskjellane er ikkje store, vedgår forskarane som har studert nesten 13.000 tyskarar og austerrikarar, fortel Forskning.no.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

Testosteronfylte venstrehender
Av guteborna fødde mellom februar og oktober var 8,2 prosent venstrehendte. Mellom november og januar var 10,5 prosent venstrehendte.

Kanskje ikkje så interessant, hadde det ikkje vore for den litt «støvete ideen» til nevrologane Norman Geshwind og Albert Galaburda frå 1980-talet, skriv Forskning.no. Dei foreslo at det mannlege kjønnshormonet testosteron spelar ei rolle for kva hand som leier.

Det kan òg forklare kvifor fleire gutar enn jenter er venstrehendte. Dessutan seier hypotesen at mykje testosteron i livmora gjer at modninga av fosterets venstre hjernehalvdel, den dominante hos høgrehendte, går seinare.

LES OGSÅ: Droppa leksene – fekk rekordhøge karakterar

Hormonelt sommarlys
Fleire faktorar bestemmer testosteronmengda i livmora, mellom anna kan miljøfaktorar påverke. Forskarane ser for seg at sommarlyset kan påverke hormonmiljøet i magen tidleg i svangerskapet.

– Når gutungane er ferdige til fødsel på vinteren, kjem dei altså med ein auka sjanse for å vere venstrehendt, skriv Forskning.no.

Men om dette er mekanismen bak fleire vinterfødde gutar er venstrehendte, er litt uvisst. Forskarane meiner meir forsking må til. (©NPK)