Tysnesfest-general Sigvard Madsen har endeleg blitt bønhøyrt av vêrgudane.

Vilde Hjertholm Lunde, Bladet Sunnhordland
Vilde Hjertholm Lunde, Bladet Sunnhordland

– Me har snakka mykje med Meteorologisk institutt oppigjennom åra, og dei har prøvd å trøysta oss når det har vore dårleg vêr. Men i år kan vakthavande meteorolog ved Vêrmeldinga på Vestlandet få sleppa å snakka med oss, seier Madsen.

To dagar før Tysnesfest går av stabelen, er det travel aktivitet på festivalkontoret, og frå mikrofonen på telefonen hans dukkar det opp mange hektiske stemmer.

– Det er alltid travelt, men me er ein flott gjeng og har litt rutine. Det er mykje infrastruktur som skal på plass. Mange ting kjem til øya på same tid, og så har me det ikkje som på Heiane. Det er mykje skog og lite asfalt, og me har lite plass til ein del ting, seier Madsen.

LES OGSÅ: Aktiv på festival

Sjefen styrer vêret
Men likevel seier festivalgeneralen at dei ligg veldig bra an. Det kan ha noko med vêrmeldinga å gjera.

– Me sit og ser på vêrmeldingane no, og me held oss til vêrvarselet, seier Madsen om varselet som melder om sol og temperaturar rundt 20 grader heile festivalen gjennom.

Madsen trur at det er statsminister Erna Solberg som har lagt inn femtegiret for å få godvêret til Tysnes. Ho kjem laurdag 12. juli for å vera gjest i frukostshowet «God Morgon, Tysnesfest».

– Kvifor har ho så mykje makt over vêret?

– Kvifor, det veit jo ikkje eg. Men ho er jo sjefen vår, seier Madsen.

LES OGSÅ: 10 råd for å overleve på festival

25 prosent meir
5. juli melde Madsen på Facebook at i underkant av 1.200 festivalpass var seld.

– Me ligg no 25 prosent over fjorårssalet, og har 600-700 hundre festivalpass igjen, seier Madsen, som har 3.000 festivalpass totalt.

I tillegg til festivalpassa, går det an å kjøpa enkeltbillettar til kvar konsert. Desse blir seld sjølv om det er utseld for festivalpass, til kvar konsert.

Stovekonserten med Ketil Bjørnstad er den einaste konserten som til no er utseld.

– I fjor kom det 22.705 til festivalen. Korleis tel de?

– Me tel alle arrangement, frå gudstenester til marknadsdag til konsertane, seier Madsen.

LES OGSÅ: Speler Dostojevskij på Tysnesdialekt

Spent på topptur
Nytt av året er to dagar med marknad og fem dagar med matmarknad.

– Me har fått spørsmål om me kan rydda opp i marknaden, så i vinter har me jobba med å få meir struktur på den, seier Madsen om dei rundt 50 standsa med alt frå tradisjonsprodukt, kortreist og langreist mat og ballongar til ungane.

– Det skal vera noko for folk frå null til hundre år, seier Madsen.

Festivalsjefen gler seg mest til å sjå at festivalen fungerer.

– Og så gler eg meg til at me skal ha det kjekt i lag, og at dei som jobbar her skal kosa seg, seier Madsen.

Han er spent på å sjå korleis toppturen til Tysnessåto og konserten med Oslo Ess går på torsdag.

– Me har aldri gjort noko slikt før, så det blir spennande, seier han.

Fleire telt
Madsen har høyrt frå teltsjefen at det større pågang enn i fjor på telt.

– Me har utvida campen og gjort den dobbelt så stor som i fjor, seier han.

I tillegg er det no plass til 500 båtar i gjestehamna, hundre meir enn i fjor.

– Dei som vil sikra seg plass må helst komma på onsdag. I fjor blei hamna full, så eg går ut ifrå at det blir likt i år. Første mann til mølla-prinsippet gjeld. seier Madsen.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE