Ville redde verda

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein rapport frå Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus) syner at nordmenn drikk mindre alkohol enn før – og at dei unge leier an.

Kristoffer Holm er leiar i Juvente, ungdomsorganisasjonen som er engasjert i ruspolitikk og førebygging. Han meiner at organisasjonen framleis ikkje har utspelt si rolle.

– Kvifor er Juvente sitt arbeid viktig?
– Juvente er den største ungdomsorganisasjonen på rusfeltet og den einaste som arbeider spesifikt med alkohol. Juvente er med på å sikre ungdom trygge, inkluderande og rusfrie miljø å vere i. Vi har mykje kunnskap om korleis drikking påverkar ungdom i dag.

– Kva var det første som fekk deg til å bry deg?
Det første som fekk meg til å bry meg om alkohol og solidaritetsspørsmål var at eg leste om korleis alkoholindustrien utnytta fattige menneske i utviklingsland og at det vart seld sprit til barn. Eg ville redde verda! Eg likte heller ikkje det aukande drikkepresset kring meg på ungdomsskulen, og bestemte meg for å ta avstand frå det. Etter kvart har eg også sett problema alkohol skaper i Noreg.

– Kven er ditt største førebilete innan feltet du er engasjert i?
Det er vanskeleg å sei. Eg tenker at Dag Endal har vore til stor inspirasjon. Han har tidlegare vore leiar i Juvente og i barneorganisasjonen vår, Juba, og kan mykje om alkohol og narkotika. Dei siste åra har han arbeidd mykje med alkohol i utviklingsland gjennom vår bistandsorganisasjon Forut. Det er veldig inspirerande å sjå kva som går an å få til, både i og utanfor Noreg.

–  Kor oppslukt er du i ruspolitikk og førebygging?
– På ein skal frå 1 til 10 vert det ein 7-ar. Ruspolitikk er veldig viktig når avgjersler skal takast, men elles er det ikkje veldig viktig for meg, i det lange løp. Førebygging derimot, er viktig for meg heile tida. Mykje av problema alkohol skaper kan verte forhindra dersom folk er litt skeptiske til når og kor mykje dei drikk. Som ung tykkjer eg nesten ei god ungdomstid er endå viktigare!

– Kva bruker du resten av energien din på?
– Eg studerer informatikk, så mykje tid og krefter går til det. I tillegg engasjerer eg meg litt i studentmiljøet og i idrett.

– Kor ofte har du Juvente-relaterte draumar om natta?
Eg trur aldri eg har drøymt noko Juvente-relatert om natta. Det hender eg dagdrøymer litt om korleis neste store Juvente-samling skal bli, eller kva eg skal seie til pressa neste gong eg har sjansen.

– Og i den verkelege verda – kva drøymer du om å oppnå med ditt engasjement?
– Ei betre verd, der rusmiddel ikkje skaper problem. Om eg bidreg med det i det små, slik at nokre få ungdommar får ei litt betre ungdomstid, eller om eg kan få til ei global endring er ikkje så farleg, så lenge det skjer noko!

Faktaboks

I sommar vil Framtida.no løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel Juvente-leiar Kristoffer Holm om det han brenn for.

Gå til temasidene våre med intervju med andre eldsjeler!