Går og bloggar Noreg på langs

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men, jo. For Mari (25) og Martha Sofie Teigen Varanes (23) har det faktisk vore veldig spanande. Dei to systrene frå Kvinnherad i Hordaland har lagt ut på sin livs tur.

I tillegg har dei bestemt seg for å blogge om det. Heldigvis kan ein sei, for no er systrene nominert til verdas beste nynorske blogg.

Følg turen til NPL-systrene her!

Elskar nynorsk
– Det var utruleg overraskande og veldig kjekt! Vi elskar nynorsk, erklærer Mari, då Framtida.no ringjer for å fortelje systrene at dei er plukka ut i Framtida.no, Norsk Mållag og Noregs Målungdom si kåring.

Dei er begge med i Norsk Mållag og Mari har nett utdanna seg til norsklærar. Mari er lektorstudent ved NTNU i Trondheim, medan Martha-Sofie er naprapatstudent i Stockholm.

– Då vi flytta heimafrå vart det ekstra viktig for oss å halde på nynorsken.

Det gjer dei også på bloggen, der turen vert dokumentert frå mobiltelefonane når systrene kryp opp i soveposane om kveldane.

Noreg på kryss og tvers
Turen byrja på Nordkapp, og skal etter planen ende på Lindesnes i midten av september.

Sjølv om Mari høyrest overtydande ut når ho fortel om gledene over å vere på tur, har dei hatt noko motbør. Til dømes har dei enda opp med ikkje å gå Noreg på langs, men Noreg-litt-på-kryss-og-tvers.

Det byrja med at snødekte i fjella sende turgåarane langs E6 i staden for i villmarka. Trass bøner til både regnbogar og firkløver langs vegen, sleppte ikkje vinteren.

Etter 515 km langs E6 bestemte dei to seg før å følgje plan D: Dei bussa frå Skibotn til Tromsø og flaug sørover til Trondheim. Rett skal vere rett og systrene går difor nordover til Skibotn att. Deretter skal dei fly tilbake til Trondheim, og leggje i veg sørover på ny.

– Er det ikkje litt tungt å gå i feil retning?

Tja, det var ikkje noko alternativ. Og det er heilt herleg å vere i naturen! No skin sola igjen, det er ingen snø og vi er i skikkeleg villmark. Det er deilig å ikkje gå på asfalt, seier Mari.

Møter spanande folk
Det kjekkaste med turen er alle møta med folk, ifølgje systrene.

– Vi blir teke så utruleg godt imot. Tre veker på asfalt er ikkje så ille, når folk stoggar, pratar, inviterer oss heim og tilbyr oss å sitje på.

– Det må jo vere freistande å sitje på?

– Særleg øvst i Finnmark var det mange som tilbaud oss å sitje på. Men vi skulle gå! Ein gong var det ein som tok sekkane vår eit stykke, då, innrømmer Mari.

Verst er det når vêrgudane slår seg vrange.

– Vi er utruleg glad i tur, men vi likar ikkje regn og drittvêr. Det kan ta litt på, men så kjem sola tilbake og alt er fint!

Dei starta bloggen for å la vener og familie følgje med undervegs. I tillegg har bloggen skaffa dei nokre sponsorar, mellom anna eit stort sjokoladelager frå den lokale nærbutikken.

Mellom 100 og 500 personar leser bloggen dagleg. Det er kjekt å få tilbakemelding undervegs tykkjer dei.

– Vi har lange dagar, og når vi kjem fram om kveldane plar vi vere utslitne. Martha har med seg eit munnspel, så vi har litt underhaldning.

Går de kvarandre aldri på nervane?

– Vi kranglar ganske mykje heime, og var litt nervøse for korleis det skulle gå på tur. Det har gått veldig fint. Når regnet kjem kan vi begge bli litt grinete, men heldigvis har vi to inngangar til teltet, ler Mari.

Systrene fekk sjå helleristingane i Alta. Det var enormt mange, og dei var frå 2000-6000 år gamle. Dei viste reinsdyr, ender, fiskar og folk på jakt.

Ligge i lynga og ete sjokolade
Dei drivne fjellgeitene har nokre gode turtips til andre som kunne tenke seg å leggje ut på ei liknande ferd.

– Ta mange pausar og hugs å kose dykk! Vi tek pause kvar time, då ligg vi berre i lynga og et sjokolade. Vi må gå ganske langt kvar dag, men vi prøver å ikkje stresse og heller nyte turen undervegs, seier bloggaren.

TIPS OSS OM ANDRE GODE BLOGGAR HER!

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg
• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.