Vi er reinslegare enn nokon gong før

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor vaskar vi oss oftare

Kost og børste og såpevatn – ein kombinasjon som ikkje er så populær blant røvarane i barnelitteraturen. Nordmenn flest set derimot pris på å halde seg reine, og vi blir stadig reinare.

Undersøkinga «Stell av kroppen og personleg hygiene» er utført av Norsk etnologisk gransking (NEG) ved Norsk Folkemuseum og konkluderer med at vi aldri har vore så reinslege som no.

– Folk vaskar og steller seg meir enn før. No er det mange som meiner vi har det for reint, både kropp og i heim, og at det har samanheng med auke i allergiar og liknande sjukdommar, seier Line Grønstad ved NEG.

Ulike syn
Ei kvinne i 30-åra seier i undersøkinga at «det er veldig, veldig viktig for meg å vere rein, med reint tøy fordi det fekk eg aldri gå med då eg var barn». Ein jamaldra mann har eit meir pragmatisk syn på kroppspleien: «Om vinteren har eg mindre lyst til å dusje enn elles; då er nok sosiale normer om ikkje å lukte sveitte, den sterkaste drivkrafta.»

I tillegg til å sjå om vaskevanane har endra seg, var målet med undersøkinga «Stell av kroppen og personlig hygiene» å kartleggje kva syn nordmenn har på eiga reinsemd.

– Vi har fått inn ein del svar, men håper å få inn mange fleire. Nokre kvir seg sidan dette er såpass personleg, mens andre nok synest det er ei artig sak å uttale seg om. Alle er uansett anonyme, forsikrar Grønstad.

Tannpuss og forelsking
Til sist ein analyse frå den eldre garde, nærmare bestemt ein mann i 70-åra: «Var vel som andre barn i oppveksten, – mor måtte sørgje for at vi pussa tennene skikkeleg. Til vi begynte å bli forelska og skulle ta oss godt ut.»

Og dette kjem altså frå ein mann vi må meine opplevde den første kjærleiken lenge før Flode kom med oppfordringa: «Puss, puss, så får du ein suss!» (©NTB)