Vil gi fredsprisen til Snowden

Forslaget om å gi Nobels fredspris til varslaren Edward Snowden får brei støtte blant juristar, men møter motbør frå andre hald.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I januar føreslo professor i rettsvitskap, Terje Einarsen, at den amerikanske varslaren Edward Snowden burde få fredsprisen.

Nyleg erklærte mange av Noregs fremste juristar at dei støttar Einarsen. Andre uttrykkjer motstand mot det kontroversielle forslaget.

LES OGSÅ: Her er verdas «snillaste» land

Har bidrege til open debatt
Einarsen har føreslege Snowden fordi han meiner varslaren har ytt det største bidraget til internasjonalt fredsarbeid.

I grunngjevinga argumenterer Einarsen for at den spionklaga amerikanaren har gjort det mogleg for folkevalde, presse og borgarar over heile verda å tenke gjennom og debattere spørsmål om aukande global militær etterretning i sivile samfunn meir informert, konkret og open.

– Det er velkjent at Snowden har lukkast i å setje eit skarpt og ubehageleg søkjelys på nokre viktige nasjonale og globale samfunnspørsmål, heiter det i forslaget.

LES OGSÅ: «Eit av verdas rikaste land vil forby tigging»

Einarsen legg vekt på at Snowden har klart å etablere ein kompleks og samstundes fredeleg global samtale om etterretning, demokrati og rettstatlege kjerneverdiar.

– Snowdens avsløringar reiser spørsmålet om ikkje den sivile grunnstrukturen i demokrati og rettssamfunn risikerer å bli øydelagt av tilsynelatande grenselaus masseetterretning, særleg dersom ei gigantisk mengd opplysningar vert samla og misbrukt for andre føremål enn å kjempe mot terror, skriv Einarsen.

– Til kjerna av kva ein kvar bør kunne slutte seg til
Den internasjonale juristkommisjon, norsk avdeling, har på bakgrunn av Einarsens grunngjeving vald å slutte seg til forslaget.

– Slik Einarsen grunngjev nominasjonen, med omsyn til og forankring i mellom anna menneskerettar, rettsstat og folkerett, går den til kjerna av kva ein kvar som bekjenner seg til desse verdiane bør kunne slutte seg til, heiter det på ICJ-Noreg sine nettsider.

På nettsida finst ei liste over juristar og andre som har slutta seg til forslaget. Tidlegare direktør i Datatilsynet Georg Apenes og høgsterettsdommar Ketil Lund er blant namna på lista.

LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen støttar også ein fredspris til Snowden.

– Det vil vere ein riktig pris, ikkje berre fordi Snowden har gjort noko som er modig, flott og riktig, men fordi ei stadig meir omfattande offentleg og privat overvaking er i ferd med å bli den største trugselen mot vårt demokrati og enkeltmenneske sin integritet, seier Bernt til Aftenposten.

– Snowden fortener ikkje prisen
Professor i internasjonal politikk ved Universitet i Oslo, Janne Haaland Matlary, meiner derimot ikkje at Snowden fortener prisen. Ifølgje Matlary er det ingen gode argument for at Snowden skal få prisen.

I ein kronikk i VG skriv professoren at Snowden har øydelagt for vestleg etterretning og kunne ha handla på lovleg vis.

– Det er ingen tvil om at elektronisk overvaking i dag gjer at kontrollfunksjonen må verte skjerpa. Men Snowden kunne ha påpeika alt dette utan lekkje statsløyndommar. Det er ingen logisk samanheng mellom omfanget av lekkasjane og problemet med manglande kontroll med NSA, skriv Matlary, som vidare argumenterer for at moglegheitene for varsling er optimale i USA.

LES OGSÅ: Mot openheita – og forbi

Professoren meiner Snowden har gjort større skade med lekkasjane enn debatten om etterretning kan legitimere.

– Snowdens «varslinger» er stort sett varsla for lengst, medan skadene frå hans lekkasjar inneber meir fare for vestlege land, meiner Matlary.

I går svara Einarsen på kritikken i same avis.

LES OGSÅ: Solberg: – DLD finst ikkje lenger