Denne bør bli påbode
Sju av ti nordmenn meiner det bør vere påbode å bruka vest i båt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I ei ny undersøking svarar 68 prosent av dei spurde at det bør verta påbode å bruka redningsvest uavhengig av om det er born i båten eller ikkje.
LES OGSÅ: Pingvinanes dødsmarsj
Legg ein til dei som ynskjer forbod når det er born i båten, ynskjer 84 prosent påbod, viser ei undersøking gjennomført av Ipsos MMI på vegner av Norsk Folkehjelp.
Heile 98 prosent av dei spurde meiner at bruk av redningsvest vil forhindra drukningsulykker.
– Påbod om bruk av vest i fritidsbåt kunne redda mange liv, seier Ivar Christiansen i Norsk Folkehjelp.
LES OGSÅ: Mindre enn 40 prosent av maten vår er norsk
Tal organisasjonen sjølv har samla inn syner at dei seks første månadene i år har kravd sju fleire drukningsoffer enn same periode i fjor. Christiansen er kritisk til at Stortinget ynskjer å påby bruk av vest berre når born er om bord i fritidsbåten, og viser til at ifølgje undersøkinga ynskjer folket eit påbod også for vaksne.
– Dette burde vere eit klårt signal til politikarane om så raskt som mogleg å vedta eit slikt påbod, meiner han.
– I sommarmånadene kjem tusenvis av fritidsbåtar på vatnet. Eit godt råd er å innføra gode vanar frå starten av sesongen. Ver ein god rollemodell. Hugs godt skotøy i tillegg til flytevesten og ikkje kombiner alkohol og båtkøyring, avsluttar Christiansen.
LES OGSÅ: Gamle sjøkart gjev falsk tryggleik