Draumar til sals

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke kom dei første eksemplara av «Following Dreams» i butikkhyllene, noko som i seg sjølv representerer ein gamal draum for 32-åringen frå Årdal, som dei siste åra har vore busett i Bergen.

Greip sjansen
Der hoppa han av ein godt betalt jobb i mediebransjen, som prosjektleiar i TV2, for å satsa på draumen om å bli musikar på heiltid for fire år sidan.

– Det har teke lang tid å få ting på plass, men eg har jobba med musikk sidan eg var liten og kom til at eg måtte gripa sjansen då han kom, har han tidlegare sagt til Sogn Avis.

Hundre prosent
Det var i samband med varsla nedskjeringar i TV2-avdelinga han jobba i for fire år attende at Vidar valde å ta sluttpakke og gå inn for musikken for fullt.

LES OGSÅ: Slepp fredagsmusikk på ein måndag

Resultatet er det som no er i butikkhyllene, eit produkt han står hundre prosent inne for – og der han sjølv har stått for tekst og musikk.

Store namn
Plata handlar om å følgja draumane, slik han sjølv har gjort. Med seg i studio har han hatt eit solid koppel av røynde musikarar som til saman har ein lang og imponerande følgjesetel av artistar dei tidlegare har jobba med. Tina Turner, Eric Clapton, David Gilmour, Phil Collins, Elton John og ei lang rekkje andre store namn er på lista.

LES OGSÅ: Tulla seg til internasjonal hit

Massiv promotering
I tillegg til å jobba med det reint musikalske, som tekst, musikk og vokal, har Vidar brukt mykje tid på å setja saman eit støtteapparat som mellom anna skal ta seg av management og distribusjon.

Ein avtale med TV2 som gjer at plata får massiv promotering på sendeflata, spesielt gjennom heile juli månad, så frå og med tysdag vert han å sjå og høyra mellom anna innimellom tøffe taklingar og sambatakter frå Brasil-VM.

Vidt omkring
I tillegg har han også ein avtale om distribusjon gjennom alle Coop sine butikkar landet over, noko som altså medverkar til at plata kjem vidt omkring.

LES OGSÅ: – Hardingfele er balsam

Utover sommaren, og kanskje spesielt hausten er det duka for lanseringsturne og ei rekkje speleoppdrag rundt om i landet, og Vidar seier han ser fram til å komma i gang.

Betyr mykje
– Det er utruleg godt å få den plata ut no, endeleg. Så langt har eg fått veldig gode tilbakemeldingar frå dei som har kjøpt den lokalt, det betyr mykje, seier Vidar.

– No er eg ekstra spent på å sjå korleis responsen blir når reklamen byrjar å gå på TV2, seier han, og legg til at han sjølvsagt også gler seg stort til å få spela på heimebane under Målrock i august.

Les saka i Sogn Avis!