Skjerpar innvandrings-politikken
Regjeringa føreslår tiltak mot tvangsekteskap og fjernar ordning for arbeidsinnvandring. Samstundes føreslår politiet å «realitetsorientere» asylsøkjarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Innvandrings-innstramming
Det er mykje som rører seg i det innvandringspolitiske feltet om dagen. Mellom anna vil regjeringa hindre at innvandrarungdom vert gifta vekk i sommarferien og skjerpar derfor krava for ekteskap på tvers av EØS-grensene.
Ute på høyring
Regjeringa vil ta i bruk ein dansk modell for å hindre at innvandrarungdom vert gifta vekk mot sin vilje, skriv VG.
Justisdepartementet sender torsdag to forslag ut på høyring. Forslaga står nedfelt i samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia Høgre og Frp og Venstre og KrF.
LES OGSÅ: Fredar helsehjelp til papirlause
Regjeringa ønskjer 24-årsgrense for å gifte seg med nokon utanfor EØS-området og begge partar må dessutan ha fylt 24 år for å kunne etablere seg som familie i Noreg.
Regjeringa krev dessutan at norske borgarar som vil hente ein ektefelle i utlandet, må ha ei årsinntekt på minst 300.000 kroner.
– Vi veit at ein del innvandrarungdom vert tekne med på sommarferie til heimlandet, der dei kan oppleve ulike former for press. Vi kan ikkje sitje og akseptere at unge i vårt eige land blir gifta bort mot sin vilje, seier statssekretær Himanshu Gulati (Frp) i Justisdepartementet.
Fjernar ordning for arbeidsinnvandring
Regjeringa har i tillegg fjerna ei ordning som gav faglærde innvandrarar ei moglegheit til å kome til Noreg for å lære seg norsk, melder NRK. Grunngjevinga er at ordninga ifølgje UDI vart misbrukt.
På fire år har rundt 2.800 personar fått opphaldsløyve gjennom ordninga.
– Men mange fekk aldri jobb som faglærd i Noreg, slik heile poenget med ordninga var, seier Hanna Krange, områdeleiar i avdelinga for opphald i Utlendingsdirektoratet (UDI).
LES OGSÅ: Meir innvandring med Frp
Ordninga vart stoppa frå og med 15. mai, etter at Justisdepartementet bestemte dette, opplyser UDI.
– Vi kunne ikkje sitje å sjå på at ein vi hadde ei ordning som mange misbrukte, og der det var mykje falsk dokumentasjon, seier statssekretær Himanshu Gulati (Frp) i Justisdepartementet.
Politiet vil realitetsorientere asylsøkjarar
Aftenposten melder at politiet føreslår å bruke 20 millionar kroner på eit prosjekt som skal få fleire asylsøkjarar sendt ut av landet.
Prosjektet er kalla eit realitetsorienteringsprosjekt og er eitt av dei mest kostbare tiltaka som Politidirektoratet, Kriminalomsorgsdirektoratet, og Utlendingsdirektoratet (UDI) har levert til justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp).
Anundsen gav dei statlege etatane i oppdrag å kome opp med tiltak for å få «fleire returar» ut av Noreg, noko dei etter to månader i tenkeboksen no har gjort.
LES OGSÅ: – For få politifolk med innvandrarbakgrunn
Prosjektet inneber at asylsøkjarar skal overbevisast om at dei ikkje har ei framtid i Noreg, og at dei heller bør reise heim. Føremålet er at utlendingar som får endeleg avslag på asylsøknaden, skal «ta inn over seg» at heimsending med tvang er alternativet til å reise tilbake frivillig.
Politidirektoratet og UDI reknar med at prisen for å «realitetsorientere» asylsøkjarar vil vere 20 millionar kroner.
Andre forslag til tiltak er fleire utlendingskontrollar, kortare utvising for dei som reiser både raskt og frivillig, fleire operative politifolk og såkalla returrådgivarar i fengsla.
LES OGSÅ: Viktig steg mot yrkeslivet