Det vert lærarstreik

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærarane varslar gigantstreik

 Det var varsla på førehand at det kunne bli streik, og no er det klart. Dei over 90.000 medlemma i Utdanningsforbundet sa nei til avtalen som var jobba fram saman med Kommunesektorens organisasjon i ei uravstemming. Det melder blant andre Aftenposten.

LES OGSÅ: Slutt på nynorskklasse i Stavanger

Omdiskutert

Avtalen som no vart nedstemt sa blant anna at lærarane skulle vera på skulen 7,5 timar kvar dag i arbeidsveka, og at rektor skulle styra meir av lærarane si arbeidstid.

Det falt ikkje i smak, og ifølgje NRK blir ein skule i Bergen teken ut i streik med ein gong, før lærarane trappar opp i august.

LES OGSÅ: Sarkasmedronninga som målbind nett-trolla

OPPDATERING FRÅ NPK:

KS om lærarstreik: – Skuffande

Forhandlingsleiar Per Kristian Sundnes i KS synest det er skuffande at lærarane i Utdanningsforbundet i ei uravstemming har sagt nei til meklingsresultatet frå mai.

– Det er skuffande at lærarane har sagt nei til eit forslag både Utdanningsforbundet og KS har anbefalt. Dermed seier dei nei til ein avtale som legg til rette for å utvikle ein kollektiv samarbeidskultur i skulen, noko begge partar meiner er nødvendig, seier Sundnes.

Både kommunane og fylkeskommunane, i tillegg til 37 av dei 40 arbeidstakarorganisasjonane KS forhandlar med, har sagt ja til meklarens forslag til løysing, og endringane kjem til å bli sett i verk for desse. (©NPK)