I morgon samlast dei beste folkemusikarane og –dansarane i landet.

Faktaboks

Landskappleiken er det største arrangementet på folkemusikkfeltet og den eldste festivalen i Noreg (arrangert første gang i Bergen i 1896).

Årleg samlast omlag 1400 aktive spelemenn, folkesongarar og –dansarar på Landskappleiken, for å tevle i folkemusikk og folkedans. 

LES FAKTALUKK FAKTA

Denne veka samlast folkemusikarar og -dansarar frå heile landet på Geilo, for å kåre dei beste utøvarane i landet innan tradisjonell folkemusikk og –dans. Då går Landskappleiken –  landets eldste folkemusikkfestival – av stabelen.

Landskappleiken er den store hendinga for folkemusikk og folkedans i Norge.Heile 1400 deltakarar har i år meldt seg på for å kjempe om siger i klassar som hallingdans, hardingfele, langeleik, langdans og mange fleire. I løpet av fem intense dagar på Geilo blir vinnarane kåra.

LES OGSÅ: Bjella og Grytten til Ulvik poesifestival

– I Noreg har vi ein unik musikktradisjon. Kvart distrikt har sine musikalske dialektar, tradisjonar og historier. På Landskappleiken får du Noregs folkemusikktradisjonar i eit nøtteskal, fortel kappleiksansvarlig i FolkOrg Rannveig Djønne.

I tillegg til aktive musikarar og dansarar, kjem omlag 3000 tilreisande årleg til Landskappleiken, som er den største og viktigaste møteplassen for folkemusikken i Norge.

Får spele i Operaen

I år er det ei ekstra gulrot for vinnarane på kappleiken. Eit utval av meistrane får nemleg spele i Operaen i ei eiga festframsyning i november.

– Dette er fyrste gong vi set opp denne konserten, og vi håpa at denne ”ekstrapremien” ville få endå fleire til å melde seg på og skape ekstra merksemd rundt norsk tradisjonsmusikk – og dans. I vokal folkemusikk klasse A er til dømes talet på deltakarar nesten dobla frå i fjor, og på deltakarlista finn vi mellom anna Odd Nordstoga, seier Djønne.

Kongepokal i eldre folkemusikkinstrument
Tradisjon tru er det sett opp Kongepokal på Landskappleiken. I år har H.M. Kongen satt opp Kongepokal i klassa for eldre folkemusikkinstrument. Kandidatar som spelar til dømes langeleik, munnharpe, lur, bukkehorn, slåttetromme eller fløyte er med i kampen om å vinne den gjeve pokalen i år.

Lokal mat og drikke
Lokal arrangør av Landskappleiken i år er Geilo Spelemannslag. Dette er femte gong den tradisjonsrike festivalen blir arrangert på Geilo.

– Arrangørane i Geilo Spelemannslag har lagt alt til rette for ein flott kappleik. I tillegg til den beste musikken, blir det servert lokal mat og drikke av beste merke, avsluttar Djønne som håpar mange tek turen til Geilo neste veke. 

LES OGSÅ: Harding-fele er balsam

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

Kommentarar

ANNONSE