Vil behalde hamnesiloen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil behalde kornlageret

I ei undersøking svarar nesten 90 prosent at dei vil behalde det største kornlageret i landet, hamnesiloen i Stavanger. To av tre meiner staten bør drive kornlageret.

Undersøkinga er gjennomført av Sentio research på oppdrag frå Norsk Landbrukssamvirke, skriv Nationen.

LES OGSÅ: – Bra med klimafokus, dårleg med stordrift

Bondeeigde Felleskjøpet Agri kjøpte hamnelageret for 49,5 millionar kroner i mars. Agri kjøpte kornlageret av statskontrollerte Cermaq ASA då det stod i fare for å bli rive og erstatta med bustader.

Ei oppgåve for felleskapet

Styreleiar i Felleskjøpet Agri, Einar Enger, grunngav kjøpet av hamnesiloen som ein konsekvens av at regjeringa nekta å ta ansvar for at kornlageret kunne bli rive.

– Eg trur det handlar om at det norske folket ønskjer mattryggleik. Det handlar om tryggleik og å forsikre fellesskapet. Det står sterkt i folk. Ein forsikrar seg på andre område i livet, og ein vil forsikre seg når det kjem til mat, seier kommunikasjonssjef Thomas Skjennald i Felleskjøpet Agri.

LES OGSÅ: – Norsk matproduksjon viktigare enn nokonsinne

Skjennald vil ikkje spekulere på kva som vil skje med kornlageret framover, men seier det er opp til politikarane.

– Men vi meiner kornlagring er ei oppgåve som høyrer til fellesskapet, ikkje aktørar som konkurrerer i den private marknaden, seier han.

Trugar mattryggleiken

Tidlegare i vår gjekk Grøn Ungdom hardt ut mot regjeringa sin landbrukspolitikk.

– Landbruksministeren har allereie rokke å utelukke ein garanti for vern av norsk matjord. I haust kom det fram at ho ikkje vil setje i gong tiltak for å avgrense nedbygginga av det norske kornarealet og nyleg vart det klart at Listhaug har overprøvd ei rekkje lokale vedtak om jordvern. Landbruksministeren går attpåtil inn for å selje vårt største kornlager, skriv tidlegare talsperson i Grøn Ungdom og no sentralstyremedlem i Miljøpartiet Dei Grøne, Hallvard Surlien, i ei pressemelding.

Surlien er uroa. Han meiner situasjonen er kritisk.

– Tal frå Earth Policy Institute syner at kornforbruket har vore større enn produksjonen i åtte av dei siste 13 åra. Jordbruksarealet per innbyggjar i verda er halvert dei siste 50 åra. Samstundes syner lekkasjar frå den neste rapporten til FNs klimapanel at matproduksjonen vil minske som følgje av klimaendringar, medan etterspurnaden vil auke som følgje av folkevekst, seier Surlien, som meiner dette gjer regjeringa sin politikk ekstra alarmerande.

LES OGSÅ: – Listhaugs politikk trugar mattryggleiken