No blir dei filmstjerner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Varaldsøy aldersheim blei stengt for snart to år sidan, blei rundt 15 bebuarar tvungne til å flytta. Men då siste bilen køyrde derifrå, sat Mildrid Hartveit (86) att. Ho nekta å flytta mot sin vilje, og det enda med at ho fekk bli buande i eit rom på det som no berre skulle fungera som ein base for heimehjelpa. Kort tid seinare fekk ho selskap av Torborg Skjelnes (95), som ikkje lenger kunne bu heime etter eit sjukehusopphald. Dei to «opprørarane», som Kvinnheringen var dei første til å skriva om, fekk mykje merksemd både lokalt og nasjonalt då dei «trassa» styresmaktene. Og ein dag for nokre månader sidan fekk dei ein telefon.

– Det var eit par damer som lurte om dei kunne få koma å laga ein film om oss. Vi svarte «ja, kvifor ikkje?», og no har vi hatt besøk av dei fleire gonger.

LES OGSÅ: Forlet studiebygda med kulturfestival

Stille på huset 
Torborg og Mildrid ler hjarteleg over kaffikoppane i den lyse daglegstova på det som tidlegare var Varaldsøy aldersheim. Kjemien er openbert god mellom dei to, og dei er glade for at dei har kvarandre. 
– Før var vi 16–17 stykk, i tillegg til alle dei som jobba her. No er det berre Torborg og meg, så det er blitt veldig stille på huset, fortel Mildrid.

Dagane går med til å lesa aviser. Sjå litt på tv. Eta måltid som heimehjelpa kjem med. Småprata litt. 
– Det er klart vi saknar dei andre. Eg kan ikkje forstå kvifor dei skulle leggja ned denne flotte heimen, som var billegast av alle å driva til og med, meiner Torborg.

Medbestemming over eigen alderdom. Glød, engasjement. Opprør mot politiske «tvangstrøyer». Mange stikkord blei brukt for å skildra Mildrid og Torborg etter flyttenekten. Nettopp desse tinga var det som gjorde at filmteamet frå Fenris film beit seg merke i desse to damene.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Respekt for folket!

Gjenopning? 
– Då vi såg ein nyhendereportasje om Torborg og Mildrid og den idealismen dei utviste, tenkte vi straks at her låg ei historie å skildra, fortel Aslaug Holm, regissør og fotograf frå Fenris film til Kvinnheringen.

Ho lagar filmen i lag med kollega Olaug Spissøy Kyvik, som òg er regissør og fotograf. 
– Kvardagslivet til dei to damene er sentral i filmen. I tillegg ser vi på engasjementet i lokalsamfunnet elles, som då dei to damene fekk pokal av bygdefolket på 17. mai. Og komande torsdag skal vi filma i kommunestyret då det kjem eit forslag om å gjenopna Varaldsøy aldersheim i samband med behandling av revidert budsjett, forklarer Holm.

Filmen er førebels støtta av Norsk Filminstitutt og TV2. Sistnemnde skal etter planen senda filmen, men det er enno ikkje klart kva tid den kjem. 
– Vi ønskjer å bruka god tid på å bli kjende med desse to damene, gå ordentleg i djupna. Difor vil vi jobba med filmen heilt til vi kjenner at vi har stoff nok. Det skal i utgangspunktet vera ein positiv film, men med ein alvorleg undertone, fortel Holm.

Svartaste kapitla
Pokalen Holm viser til, står glinsande på bordet i daglegstova til Mildrid og Torborg. 
– På 17. mai kom heile toget gåande opp hit på besøk til oss, og då fekk vi ein pris i form av ein flott pokal. Det var Bondelagspokalen 2013, og rørande var det å sjå at namna våre var inngravert på denne, seier Mildrid.

Etter å ha lest om dei i Bergens Tidende, kom det òg ein blom i posten med helsing frå ein framand som ville visa støtte. Marit Skjelnes, dottera til Torborg, er glad for den massive støtta som har kome til mora og venninna. 
– Dagen Varaldsøy aldersheim blei lagt ned og bebuarane måtte flytta herifrå, er av dei svartaste kapitla i kvinnhersk politikk. Det trur eg mange er samde med oss i, ut frå den store oppslutnaden rundt mamma og Mildrid å døma, meiner Marit.

Tidleg i mai heldt bygdefolket ein større dugnad på aldersheimen. Vaska den ned, rydda uteområdet; styrte og stelte på for heimen dei kjenner ein slik eigarskap for. 
– Eg veit ikkje om vi lenger tør håpa på at politikarane nokon sinne kjem til å gjenopna aldersheimen. Det ligg vel gjerne for mykje prestisje i det til å snu. Men den står i alle fall her; fin, i ordentleg stand, med god plass til både bebuarar og pleiarar, meiner ho.

Mildrid og Torborg nikkar. 
– Ein kan alltids håpa. Vi er i alle fall glade for å vera her. Det er dette som er heime, slår dei komande filmstjernene fast.

Saka vart først publisert i Kvinnheringen