Iggy Pop: – Justin Bieber er framtida

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Justin Bieber er framtida

Den belgiske delen av Amnesty lanserte ein ny kampanje mot Tortur i går, med profilar som Iggy Pop, Dalai Lama og designeren Karl Lagerfeld i spissen.

Plakatene Amnesty har publisert, har bilete av dei kjende profilane med mørbanka ansikt og vanvittige sitat knytt til.

LES OGSÅ: Refsar Noreg for si behandling av transpersonar

Kjempar mot tortur

Poenget er at «ein vil sei kva som helst under tortur» – og difor leverer Iggy Pop det noko uventa sitatet «Justin Bieber er framtida til rock n' roll».

Dalai Lama seier at «alle menn over 50 som ikkje eig ein Rolex er mislukka», og Karl Lagerfeld hyllar hawaii-skjorta og slippers, og kallar det «toppen av eleganse».

– Historia dei prøver å fortelja er kor absurd det er å bruka tortur som eit verkemiddel for å finna sanninga, seier Gerald Folkvord, politisk rådgjevar hjå Amnesty Noreg.

– Det virkar jo heilt absurd å sjå Iggy Pop sei at Justin Bieber er framtida til rock n' roll, ein ler og tenkjer han gjer narr. Men samstundes kan ein tenkja på den unge mannen som sit i fengsel i Nigeria, og som under massiv tortur har sagt seg skuldig i eit ran fordi politiet trengde ein skuldig. Han er det berre Amnesty som tenkjer på, og slike ting skjer kvar dag over heile verda, held han fram.

Vil flytta diskusjonen

Folkvord fortel vidare at kampanjen mot tortur vil vara dei neste par åra, og at eit av måla er å få til ei vridning av debatten.

– Me vil flytta diskusjonen vekk frå terroristar. Det er kjempeviktig å finna ut meir om terrororganisasjonar, men dei har aldri vore hovudoffera for tortur. Dei aller fleste er vanlege folk som blir tatt, og politiet prøver å banka ut ei tilståing. Det er sjeldan sanninga det handlar om då, seier Folkvord.

På Amnesty Belgia sine heimesider kallar dei allereie kampanjen ein stor suksess (ekstern lenkje, på fransk).