Gjev bort veke på hytteidyll

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein artikkel i VG i pinsen gjorde inntrykk på Ingunn Koløy frå Halsnøy. Ei åleinemor stod fram og snakka om eit sårt tema, om korleis det er å ikkje ha økonomi til å gje borna ein ferie å snakka om.

– Eg fekk lyst å gje ho eit tilbod om ferie på Halsnøy og tenkte på å ringa VG, men etter nokre dagar las eg at ho hadde fått mange tilbod, seier Koløy til Sunnhordland.

 
Hytta er på 120 rutemeter med panoramautsikt over Halsnøy. Foto: fjordferie.net

Hjelpa nokon
Men tanken på å gjera noko slepte ikkje, og i helga då ho var på besøk hos ei venninne på Jæren, fekk ho høyra om ein familie der som hadde lånt bort hus og bil i ferien.

– Då fann eg ut at eg ville gje bort ei veke i hytta og la det ut på Facebook søndag kveld, seier Ingunn, som gjer bort opphald på hytta frå 28. juni til 5. juli.

– Me ynskjer å gje ferie til nokon som treng det, som ikkje har råd til ferie, eller ikkje har det greitt. Skriv mail til Inngunnchef@hotmail.com og fortel litt om deg sjølv. Me vel ein av dei som melder seg. me kan ikkje hjelpa alle, men alle kan hjelpa nokon, skriv Ingunn på Facebook.

Ho lovar at dei som tek kontakt vil bli behandla konfidensielt. Familien har sett frist med å søka til 21. juni.

Saka fortset under biletet. 


Her ligg alt til rette for ein fin Sunnhordlands-ferie. Inngunn Koløy håpar at fleire vil gjera som dei slik at fleire ungar får ei god ferieoppleving. Foto: fjordferie.net 

Sunnhordlandsidyll
Hytta på Halsnøy var ny i 2012 og er på 120 kvadrat. Den ligg hundre meter frå sjøen og har panoramautsikt over Halsnøy. Like nedanfor er det friområdet med badestrand. Ingunn Koløy fortel at vanleg vekepris inkludert utvask er på 8.000 kroner.

– Me brukar hytta sjølve og leiger ho ut gjennom Fjordferie.net stort sett til tyske turistar. Denne veka skulle me ikkje vera på hytta, og ho var heller ikkje leigd ut, seier Ingunn Koløy.

Håpar på fleire
Familien har eit kristent grunnsyn og synest det er ei glede å få gje noko.

– Eg trur at små ting gjort i kjærleik kan gjera store ting i verda, seier hytteeigaren.

– Blir det ikkje vanskeleg å velja kven som skal få gåva?

– Jo det kan godt hende, men me kan ikkje hjelpa alle. Samstundes håpar eg at andre gjer det same og gjer bort ting som dei kan bidra med. Her er det jo ei hytte som me ikkje har i bruk. Då er det jo berre kjekt å kunne gje, seier Ingrunn Koløy.

Kurt Henriksen leiar Fjordferie.net som leiger ut hytta og rundt 50 andre.

– Eg har ikkje vore borte i noko tilsvarande. Veldig flott gjort av dei, seier Henriksen.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.