Magnussen fekk Heddaprisen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då teaterfolket feira seg sjølv søndag, stakk Mariann Hole og Vidar Magnussen av med dei gjevaste prisane.

Hole fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for tittelrolla i «Lulu – Pandoras eske» ved Nationaltheatret, ei rolle ho sjølv har skildra som den vanskelegaste til no i karrieren.

Vidar Magnussen blei heidra med Heddaprisen for beste mannlege hovudrolle som seremonimeister i musikalen «Shockheaded Peter» på Det Norske Teatret.

Bergensaren Vidar Magnussen er kanskje mest kjent som komikar i «Underholdningsavdelingen» og i situasjonskomedien «Side om side» på NRK, men vestlendingen har fleire strengar å spele på.

Musikalen «Shockheaded Peter» har hausta lovord og gode terningkast frå fleire hold. Aftenpostens kritikar kalla Magnussen «den inkarnerte glade ondskap»og meinte han var fabelaktig i rolla, medan VG trilla 6 på terningen.

Det Norske Teatret var nominert til heile ni Heddaprisar, men henta berre heim to.

Stor trønderkveld
Prisen for årets mannlege medspelar gjekk til ein av dei mest erfarne skodespelarane i norsk teater, Sigmund Sæverud. Han blei heidra for rolla som Lucky i «Mens vi ventar på Godot», som var regissørdebuten til skodespelar Bjørn Sundquist. Stykket turnerte landet rundt med Riksteatret, før det blei sett opp på Det Norske Teatret.

Som i fjor blei det ein stor kveld for Trøndelag Teater. Regionteatret kunne hente fleire prisar for framsyninga «Besøk av gammel dame». Unge Renate Reinsve fekk prisen for beste kvinnelege medspelar for rolla som lærar i denne framsyninga, Bård Lie Thorbjørnsen for beste kostyme og scenografi og Tyra Tønnesen for regi. Tønnesen fekk regiprisen både for «Besøk av gammel dame» og for regien på «Ekte kjærlighet – fritt etter Camilla Collett» på Agder Teater.

LES OGSÅ: Heidra for teater som kryssar grenser

Ensemblet prisa
Den nyskrivne familiemusikalen «Hundre hemmeligheter», også den vist på Trøndelag Teater, fekk pris for beste barne/ungdomsframsyning og for beste audiovisuelle design. Denne framsyninga skal ut på turné med Riksteatret til hausten.

Rogaland Teater i Stavanger kunne hente heim prisen for årets framsyning for «Perpleks» av Marius von Mayenburg i regi av Glenn André Kaada. Ensemblet i denne framsyninga, og dessutan i «Fruen fra Havet» ved same teater, fekk pris for særleg kunstnarisk innsats.

Æresprisen gjekk til Verdensteateret, mens Alan Lucien Øyen og Andrew Wale fekk den nyoppretta prisen for beste scenetekst for manuset til «Coelacanth».

Heddaprisane blir delt ut kvart år av Norsk teater- og orkesterforeining for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst. Prisvinnarane fekk ein Hedda-statuett laga av kunstnaren Nina Sundbye.


Rogaland Teater fekk Heddaprisen for beste skodespel «Perpleks» på Nationaltheatret i Oslo søndag kveld. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Faktaboks

Fakta om Heddaprisen 2014

• Blir årleg delt ut av Norsk teater- og orkesterforeining for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst. Prisane blei i år delt ut på Nationaltheatret søndag kveld.

• Beste kvinnelege skodespelar:
Mariann Hole for rolla som Lulu i «Lulu – Pandoras Eske, en monstertragedie», Nationaltheatret.

• Beste mannlege skodespelar:
Vidar Magnussen for rolla som seremonimeister i «Shockheaded Peter», Det Norske Teatret.

• Beste kvinnelege medspelar:Renate Reinsve for rolla som lærar i «Besøk av gammel dame», Trøndelag Teater.

• Beste mannlege medspelar:
Sigmund Sæverud for rolla som Lucky i «Mens vi ventar på Godot», Riksteatret og Det Norske Teatret.

• Beste regi:
Tyra Tønnessen for regien på «Ekte kjærlighet – fritt etter Camilla Collett», Agder Teater og «Besøk av gammel dame», Trøndelag Teater.

• Årets framsyning:
«Perpleks», Rogaland Teater.

• Årets barn/ungdomsframsyning:
«Hundre hemmeligheter», Cirka Teater, Trøndelag Teater, Riksteatret, Trondheim Voices/Midtnorsk Jazzsenter.

• Beste scenografi/kostymedesign:
Bård Lie Thorbjørnsen for kostyme og scenografi til «Besøk av gammel dame», Trøndelag Teater.

• Beste audiovisuelle design:
Eirik Hegdal, Asle Karstad og Trondheim Voices for musikk og lyddesign til *«Hundre Hemmeligheter», Cirka Teater, Trøndelag Teater, Riksteatret, Trondheim Voices/Midtnorsk Jazzsenter.

• Beste scenetekst:
Alan Lucien Øyen og Andrew Wale for manus til «Coelacanth», Winter Guests, Festspillene i Bergen, Den Norske Opera & Ballett, Carte Blanche og Riksteatret.

• Særleg kunstnarisk innsats:
Ensembla i framsyninga «Fruen fra havet» og «Perpleks» på Rogaland Teater.

• Æresprisen:
Verdensteatret.

(©NPK)