Éi takstsone i Hordaland

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

369 takstsoner forsvinn

– Dette er glimrande, og forenklar systemet. Det blir ein heilt anna kommunikasjonsmåte når det blir så mykje enklare å ta buss, seier Sigbjørn Framnes (Frp).

I går var han i fylkesutvalet med å innstilla på innføringa av ei felles takstsone for bussreiser i heile Hordaland. Torsdag gjorde fylkestinget det endelege vedtaket.

Auke i prisen

Dermed forsvinn 369 av dei 370 takstsonene, og bussreisande får ein billettpris å halda seg til, uansett kor kort eller langt ein skal reisa. For å få økonomien på plass, kjem det også ein liten auke i billettprisen.

– For pendlarar mellom Stord og Bømlo, til dømes, blir det no mykje billigare, seier Framnes.

Eiavgrensing i ordninga er at billetten berre gjeld i to timar. Målet er å hindra at ein nyttar same billett att og fram, men det kan også resultera i at ein må kjøpa ny billett undervegs, dersom ein skal på langtur innanfor fylkesgrensene, ifølgje Framnes.

– Fantastisk

Geir Angeltveit (V) har ivra for ein reduksjon av takstsonene i fylket, og er svært nøgd med vedtaket som blei sikra av Framstegspartiet, Høgre og Venstre i fylket i går.

– Det er fantastisk. Ei skikkeleg gladsak, seier Angeltveit.

LES OGSÅ: Geir Angeltveit løyser den politiske tidsklemma med buss

Han trur det vil få stor innverknad på bruken av buss, særleg i kommunane rundt Bergen og i Sunnhordland rundt Stord.

– I det store og heile trur eg dette vil bli veldig bra, seier Angeltveit.

Det var eit fleirtal med Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Senterpartiet som sikra vedtaket, men også Arbeidarpartiet gjekk inn for ei løysing med ei sone.

– Me ønskte derimot nokre tilleggspunkt inn i framlegget, som dessverre ikkje blei vedteke, då fleirtalspartia ikkje støtta dette, seier Nils-Olav Nøss (Ap).

I tillegg til sonevedtaket, ønskte Ap å frysa prisen på Periodekort, slik at denne ikkje aukar utover konsumprisindeksen. Dei ville også innføra ei takstsone for togstrekninga Arna-Bergen, og ville ha ein gjennomgang av takstane for båtruter i samband med evalueringa i 2016. Nøss er likevel glad for vedtaket som er gjort.

– Dette betyr vesentleg rimelegare kollektivreiser for dei som reiser til dømes frå Svortland til Leirvik, der den relle prisen går ned frå minst 78 kroner i dag til rundt 34-35 kroner med ny takst, seier Nøss.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!