Gjer heime-poker lovleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje får du ha i poker-pott

Ein pokerpott på 5.000 kroner vil bli lovleg heime i stua.

Regjeringa var tidleg ute med å seie ja til å opne for pokerturneringar i Norge, men i forslaget til endring av forskriftene – eit grep som gjer at endringane ikkje må innom Stortinget – opnar kulturminister Thorhild Widvey (H) også for at private pokerlag skal bli lovleg, skriv Vårt Land.

Forslaget vil innebere at det blir lovleg å invitere ti venner til pokerlag med 5.000 kroner i toppgevinst. Føresetnaden er at det ikkje skal ha «eit organisert eller profesjonelt preg», og det skal framleis vere ulovleg med pokerlag på arbeidsplassar, restaurantar, pubar og på skip.

Blå Kors er ikkje begeistra for forslaget.

– Eit skritt i fullstendig feil retning, seier generalsekretær Jan Elverum. Organisasjonen hjelper blant anna speleavhengige. Elverum meiner dette er ei gåvepakke til kriminelle og peiker på at samfunnet har nok avhengnad og nok problem allereie.

Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet avviser at dette er eit frislipp av poker.

– Ei opning i regelverket for private pokerlag vil innebere at ein speleform som mange nordmenn allereie deltek i per i dag, kan haldast innanfor ordna rammer i samsvar til norsk lov, meiner han. (©NPK)