Før premieren på Stormen – historia om Miranda og Ferdinand, er Rune Belsvik allereie godt i gong med sin neste libretto for born.

mm
Faktaboks

Rune Johan Belsvik

• Fødd 1956 i Haugesund, oppvaksen på Stord og no busett i Kristiansand

• Forfattar av barne- og ungdomsbøker, romanar, noveller, dikt og skodespel

• Debuterte i 1979 med romanen Ingen drittunge lenger

• Kanskje mest kjent som forfattar av bøkene om Dustefjerten

• Har motteke ei rekkje litterære prisar, mellom anna Brageprisen og Nynorsk litteraturpris

 

Kjelde: Alkunne.no 

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg må medgje at eg har prøvd å gå på opera før, og tykte det var ganske keisamt, fortel barne- og ungdomsbokforfattar Rune Belsvik, som snart er aktuell med sitt første stykke skrive spesielt for Den norske opera.

LES OGSÅ: Fleire på opera, færre på teater

Kunst av born, for born
For tre-fire år sidan fekk han spørsmål av Den norske opera om han ville skrive ein libretto for born basert på Stormen avShakespeare. Resultatet er Stormen – historia om Miranda og Ferdinand.

– Tanken er å ta born på alvor som utøvande kunstnarar – å lage kunst av og for barn. Først då kan dei få eit eigarforhold til opera- og ballettkunsten, seier regissør og produsent Gunnar Bergstrøm.

Ballettskolen og Barnekoret ved Den Norske Opera & Ballett, står for fyrste gong på scena saman og skal ha åtte førestillingar.  I alt 170 born og unge i alderen 6-17 år er å sjå på scena eller høyre frå orkestergrava.

– Eg tenkte at sidan det er born som skal framføra det må eg vera på deira parti og skrive slik at dei begriper det. Det må ikkje vere framande ord i munnen deira, så eg prøvde å gjera det enkelt, forklarar Belsvik, som er spent på korleis det vert for borna å framføra hans nynorske tekstar.

Han har høyrt rykte om at det er nokre utfordringar, og ventar seg at det kjem nokre grammatisk feil kjønn under dei åtte førestellingane.

Det gjer ikkje forfattaren noko. Han er godt nøgd med at han får lov å nytta sitt eige språk.

LES OGSÅ: 19-åring debuterer med ungdomsopera

Den nye stormen
Den fantastiske fabelen om Miranda og Ferdinand går føre seg på ei øy.12 år gamle Miranda er stranda saman med far sin, trollmannen Prospero. Der lever òg Feen, som på Miranda sin bursdag gjev ho ei eske med luft, som veks til ein storm.

Etter at stormen har lagt seg finn Miranda den skipbrotne Ferdinand på stranda. Ting er ikkje berre lett mellom dei to, som begge held på å vekse frå kosebamsane sine. Mislykka magi oppstår når Miranda brukar faren sin tryllestav, som ho ikkje heilt kan kontrollere. Det handlar om den første kjærleiken, om å trå ut av barndommen og inn i ei ny verd.

Hovudpersonane og stormen er henta frå Shakespeare sitt univers, men herifrå har Belsvik dikta vidare på eigahand og lagt vekt på borna. Forfattaren har freista å få fram alvorlege og ekte kjensler i det magiske universet.

LES OGSÅ: Løland-stipendet til Belsvik

Meir opera
Belsvik, som i år feirar 35 årsjubileum som forfattar, er ikkje framand for å skrive for scena.

Den populære barne- og ungdomsbokforfattaren har fleire skodespel på CV-en. I tillegg har han skrive om bøker som Verdas mest forelska par og Dustefjerten til teaterstykke. Sistnemnde har han faktisk òg skrive om til ein libretto, som vart sett opp av Opera Sør i 2006.

Etter å ha gjeve ut ei bok, vert det som regel stille, difor tykkjer Belsvik det er ærefullt at nokon arbeider vidare med  og gjev liv til  orda hans.

Operaverda har tydelegvis gjeve meirsmak. Belsvik kan avsløra at han allereie er kome langt i arbeidet med ein ny liberetto for Operaen, som skal setjast opp allereie neste vår. Denne gongen er stykket basert på den kjente historia om Snøkvit.

– Så kanskje du vert ein operamann?

– Ja, kanskje eg vert ein operamann, ler Belsvik og legg til:

– Bygget er i alle fall fint.

LES OGSÅ: Operaambassadørane

Det gode rådet
Sjølv har ikkje forfattaren følgt mykje med på utviklinga etter at tekstane hans har vorte tonesette av komponist Nils Henrik Asheim. Det meste vert difor nytt når han ser premieren 12. juni.

– Eg lurar på om eg kjem til å kjeda meg denne gongen òg , spøkar forfattaren, som forventar å kjenne igjen noko av det som skjer på scena.

– Eg forventar at det vert nokre vakre augeblikk. At eg får le litt, og om eg er heldig så fell eg ei tåre òg. Eg meiner at det tragiske og det komiske ligg ganske nært kvarandre. Om eg treff på dette, er det eit teikn på at eg har nærma meg noko, meiner Belsvik.

Då han fekk utfordringa av Operaen gjekk han inn i ukjent farvatn, og ba difor om råd frå lyrikar Paal-Helge Haugen, som har erfaring med librettoar. Ein særleg viktig lærdom fekk han med seg på vegen.

 Det tek lenger tid å syngja ei tekst, enn det gjer når ein snakkar. Dei seier at på teater tek ei manusside eitt minutt å framføra, medan i operaen tek ei side tre minutt. Så ein må kome til poenget litt fortare, fortel den ferske barnelibrettoforfattaren.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE