Gamle sjøkart gjev falsk tryggleik

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Sjøkart gjev falsk tryggleik

I ei omfattande undersøking der nesten 3.000 båtførarar har svart, er det heile 43 prosent som opplyser at det er fire år eller meir sidan dei oppdaterte sjøkarta eller elektronisk navigasjonsutstyr om bord.

– Dette gjev ein falsk tryggleik fordi det i kvart kartområde vil finnast fleire titalls farlege undervasskjer og grunnar som ikkje er merkte av på kartet, seier informasjonsansvarleg Frode Pedersen i Redningsselskapet.

Nye trafikkmønster
Sjølv om Kartverket heile tida arbeider med å oppdatera oversikta over undervasstopografien, reknar dei med at det kan vera 35.000 uoppdaga grunnar i norske kystfarvatn.

– Berre i fjor oppdaga vi 1.350 nye grunnar. Dei store hovud- og bifarleiene er sjølvsagt grundig kartlagt. Men det oppstår heile tida nye trafikkmønster. Det er særleg fritidsbåteigarane som ønskjer å ferdast utanfor dei best kartlagde områda i farleiene, seier Evert Flier, direktør Sjødivisjonen i Kartverket til NTB.

Har kart
I undersøkinga frå Redningsselskapet og Nordeca svarar meir enn åtte av ti at dei har papirkart i båten. Nesten to tredelar (66 prosent) har kartplottar, 30 prosent har digitale kart for nettbrett, og 26 prosent har digitale kart på mobiltelefonen.

Båtforsikringsselskaper Atlantica fryktar overdriven bruk av dei elektroniske hjelpemidla.

– Det kan bli livsfarleg å berre stola på kartplottarar og dessutan bli svært kostbart om du skulle få ein forsikringsskade, seier administrerande direktør Jan Helge Grimseid i Atlantica.

– Ikkje gløym papirkartet
Han slår eit slag for papirkarta. Sjølv det beste utstyret og dei beste kartbrikkene kan vera til dels svært unøyaktig. Og det finst inga god erstatning for eit tradisjonelt papirkart når du skal planleggja turen, seier han.

– Sjølv køyrer eg ofte eit godt stykke inn over land og knausar ifølgje kartplottaren min. Dei store strekningane i ope farvatn kan du gjerne ta med kartplottaren, men i trongare farvatn der uhell og grunnstøytingar gjerne skjer, må du bruka papirkart for å finna den vellykka leia, seier Grimseid.

Sjøkart er ferskvare
Sjøkartverksjefen rosar forsikringsbransjen for å engasjera seg i ei viktig problemstilling. Han meiner det er rett å uroa seg over moderne kartplottarar, men strekar under at problemstillinga er den same for dei tradisjonelle papirkarta.

– Sjøkart er ferskvare. Det gjeld å ha oppdaterte kart.

Når det gjeld kartplottarar, kan dei vera frå 2014, medan kartgrunnlaget dei viser kan vera frå 1895. Kjem det nye oppdateringar, må dei inn i kartplottaren, seier Evert Flier.

Han strekar under at papirkarta på si side ikkje blir gamle med mindre du sluttar å oppdatera dei. Det kan gjerast svært enkelt. Kartverket har til dømes ein eigen app der du enkelt kan lasta ned oppdateringane og skriva dei rett inn på papirkartet.

– Autopiloten er ein idiot
For den erfarne styrmannen i Redningsselskapet Svein Håkon Sand er kartplottaren eit unikt hjelpemiddel.

– Det er den viktigaste oppfinninga sidan radaren. Men også denne må du bruka med vit. Ein autopilot er ein idiot som styrer rett fram dit du dirigerer han. Du må jo følgja med. Brukar du kartplottar i fritidsbåten, må du ikkje stole blindt på det som kjem fram på skjermen, seier Sand til NTB. (©NPK)