Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning skal slåast saman og får det nye namnet Landbruksdirektoratet.

NPK-NTB:
NPK-NTB:

Jørn Rolfsen skal leia det nye direktoratet. Han er i dag administrerande direktør i Statens landbruksforvaltning.

Landbruksdirektoratet vil halda til i Oslo og Alta. Avdelinga som skal arbeida med reindriftsspørsmål skal vera i Alta.

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) påpeikar at denne samanslåinga er eit ledd i regjeringas mål om mindre byråkrati og ei meir effektiv forvaltning. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE