Samlaget-app er Årets utgjeving
Samlaget får Gullboken av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen for Leseland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her er årets utgjeving
Leseland er verdas første digitale lettlesserie på nynorsk, og den einaste nynorske i sitt slag. Appen har så langt åtte bøker med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulera og inspirere ferske lesarar.
Juryen for Gullboken uttalar dette om vinnaren av Årets utgjeving:
– Vinnaren av klassen Årets utgiving har retta seg mot ei krevjande målgruppe. Brukarane er ekspertar på teknologi, og utgivinga må konkurrere mot uttrykksformar som kan vere lettare tilgjengelege for denne spesielle gruppa. Vinnaren har likevel satsa på eit felt der tilbodet er svært lite og behovet stort. Gjennom bruk av tekst, illustrasjonar og lyd får barn med ulike leseferdigheiter hjelp til å knekka lesekoden og styrkja lesegleda. Barn som skal læra å lesa på nynorsk har med dette fått sitt første heilskaplege tilbod.
Prisen for Årets bokhandel gjekk til Rosendal bokhandel.