NU vil politimelda russisk miljøversting

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil politimelda russisk selskap

– Miljøet i nord vert ofra på storpolitikkens alter, seier Dagny Ås Hovind i Natur og Ungdom (NU) si russlandsgruppe.

Etter Russland si annektering av Krim avlyste Solberg-regjeringa i vinter eit planlagt møte mellom miljøvernministrane i Noreg og Russland. Hovind meiner det er viktig at dei to landa opprettheld ein dialog om miljøet i nord.

LES OGSÅ: – Farleg høg forureining i Noreg

Austavind med svovel
Når Framtida.no snakkar med Hovind på telefon er ho i den russiske byen Murmansk med resten av russlandsgruppa i NU.

Måndag var reisefølgjet i den russiske industribyen Nikel for å sjå opphavet til utsleppa som òg rammar Sør-Varanger kommune på den norske sida av grensa. Rundt åtte kilometer frå grensa ligg byen, som har fått namn etter metallet som vert behandla i smelteverket til Norilsk Nickel.

Kring 100.000 tonn svoveldioksid og tungmetall kjem årleg ut i lufta frå fabrikkane til Norilsk Nickel. Dette er ifølgje Natur og Ungdom fem-seks gonger så mykje som Noregs årlege utslepp.

Finnmarkskommunen Sør-Varanger har landets høgaste verdiar av svoveldioksid og tungmetall i lufta.

LES OGSÅ: Mindre babyar av luftforureining

Rekordmåling
Når vinden bles frå aust kan innbyggjarane i Sør-Varanger somme gonger lukte svovelen. Ifølgje avisa Finnmarken var det nyleg rekordhøge målingar av svoveldioksid i lufta ved Bioforsk sin målestasjon på Svanhovd i Sør-Varanger.

I ein kort periode midt på dagen onsdag førre veke var det målt 1980 mikrogram svoveldioksid per kubikkmeter luft. Dette er dei høgaste verdiane Norsk institutt for luftforskning har registrert sidan målestasjonen vart oppretta for tolv år sidan.

Norske grenseverdiar tillatar 350 gram svoveldioksid per kubikkmeter som gjennomsnittleg timesverdi.

Forureiningane påverkar altså ikkje berre dei kring 15.000 innbyggjarane i Nikel, men òg dei kring 10.000 innbyggjarane i Sør-Varanger.

LES OGSÅ: Pustar seg til døde

Saka fortset under biletet.


Dette smelteverket forureinar både russisk og norsk luft. Foto: Knut Arne Oseid/Natur og Ungdom 

Dødt i nord
Synet som møtte Hovind og dei andre i reisefølgjet i Nikel var natur øydelagd av utslepp.

– Vinden bles for det meste nordover, difor ligg verket nord for byen. Når ein køyrer frå sør mot nord kan ein sjå korleis naturen dør i løpet av strekninga. Først er det nokre spirande tre, så vert det svartare og på nordsida av anlegget er det berre slagg og slam, forklarar Hovind, og legg til:

– Eg tykkjer det er trist at ein øydelegg naturen på denne måten. Ein veit jo ikkje om det kan reparerast. Det er latterleg korttenkt. Det er berre fokus på profitt.

Mørke utsikter
Ifølgje Bellona har dei regionale myndigheitene i Murmansk nyleg godkjent ein plan som let Kola Mining and Metallurgy Combine (KMMC), eit underselskap av Norilsk-Nickel, fortsette med utslepp over dei tillatne grenseverdiane fram til 2018.

Og det er fleire som trur at Norilsk Nickel ikkje vil verte reinare med det første.

I går uttala forskar Anne-Kristin Jørgensen ved Fridtjof Nansens Institutt til NRK Nordnytt at svovelutsleppa frå Nikel på den norsk-russiske grensa truleg vil fortsette i lang tid framover.

Dette fordi dei har så store overskot på anlegget – kring 4,5 milliardar i 2013 – at det er lita interesse for å modernisere. På russisk side er det heller ikkje noko særleg press på selskapet til å verte meir miljøvenleg.

LES OGSÅ: – Noreg manglar truverd i polområda

Teoretisk mogleg
No vil altså Natur og Ungdom gjere noko så banebrytande som å melda eit russisk selskap til politiet for brot på norske lover. I fjor sommar freista ordførar i Sør-Varanger Cecilie Hansen å gjere det same, men forslaget vart nedstemt av kommunestyret.

Hovind peikar på at det dei no gjer aldri har vore gjort før og er difor ikkje sikker på korleis saksgongen vert.

– Det er gjort juridiske undersøkingar på om det i det heile teke let seg gjere, og i teorien skal det vere mogleg, fortel Hovind, og legg til:

– Det er jo kriminelt.


På austsida av smelteverket er det lite som veks. Foto: Knut Arne Oseid/Natur og Ungdom

Faktaboks

Fakta om Norilsk Nickel:

• Russisk industrikonsern

• Driv gruver og smelteverk

• Verdsleiande produsent av nikkel og palladium

• Russlands leiande produsent av gull

• Produserer òg store mengder platina og kopar

• I Noreg er dei mest kjent for det forureinande smelteverket i Nikel

Kjelde: Wikipedia