Hev stemma di, ikkje havnivået

Ingrid Ophaug Dahl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FN-dagen Verdas Miljødag har blitt markert kvart år sidan 1972, for å gjere folk bevisste på ulike miljøproblem. Tema for året er øystatar og klimaendringar, og vertskapet er den bittelille øystaten Barbados i Karibien.

For øystatar kan eit klima med stadig høgare temperatur, aukande havnivå og kraftigare stormar tyde undergang. I Barbados sitt tilfelle vil dei 270.000 innbyggjarane, altså like mange menneske som det bur i Bergen, i yttarste konsekvens måtte flykte. Både sukker- og turistindustrien er særs sårbare i møte med klimaendringar.

Barbados har ifølgje UNEP sine nettsider om Verdas Miljødag sett seg som mål å få ein grøn økonomi, styrka den fysiske infrastrukturen og ivareta miljøet fram mot 2025. Øystaten har med andre ord både bestemt seg for å motverke og tilpasse seg klimaendringane. Det er vel og bra, men Barbados og andre øystatar kan ikkje ta og har ikkje hovudansvar for problema. Det er det vi som har.

Historisk sett er det dei industrialiserte, vestlege landa som har stått for størsteparten av klimagassutsleppa. I Noreg er olja den største utsleppskjelda, når den vert produsert og ikkje minst når den vert brent og brukt som energikjelde.

Vi veit at to tredjedelar av dei fossile energikjeldene vi har funne må bli liggjande i bakken. Likevel uttala olje- og energiminister Tord Lien i går at kvart einaste snev av olje på våre felt skal opp og brennast. Kven er det som skal la olja si liggje, om ikkje Noreg? Vi har allereie tent oss rike, og om vi skal halde oppe ein god økonomi er det dessutan særs risikabelt å satse alle pengane på å subsidiere oljeindustrien herfrå og til månen. Om vi skal ha fleire bein å stå p når olja tek slutt, må vi satse stort på utvikling av fornybare energikjelder allereie no.

I tillegg til å skulle ta opp all olja vi allereie har funne, deler norske folkevalde stadig ut fleire leiteløyver på norsk sokkel. I dag, på Verdas Miljødag, fremjar Miljøpartiet Dei Grøne eit forslag i Stortinget om å stanse oljeleitinga. Det er på tide at vi tek eit oppgjer med olja, og at regjeringa tek innover seg at fullt trøkk på norsk sokkel ikkje kan kombinerast med ein klimapolitikk som monnar.

Noreg har eit ansvar for, og ein unik moglegheit til, å avslutta oljeeventyret på ein god måte. Det handlar om rettferd mellom land i nord som i lang tid har stått for utslepp som øydelegg klima, og land i sør som først kjem til å få merke desse endringane på kroppen. Vi treng ikkje å leite etter meir olje, vi har allereie funne nok. Så eg seier som slagordet til Verdas Miljødag: Hev stemma di, ikkje havnivået (og bli med på oljeoppgjeret)!